Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i Fjord kommune
Oppvekst og kultur Fjord kommune, Valldal skule - Fjord kommune
Skulebrauta 48, 6210 Valldal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne - og ungdomsarbeidar/assistent på Valldal skule/SFO
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Fjord kommune har ledig vikariat i SFO på Valldal skule som barne- og ungdomsarbeidar. Vi har ledig inntil to (2) årsvikariat i 100% stillingar med oppstart 01.08.2025 - 31.07.2026.
Har du lyst til å prøve ut noko nytt i ein periode eller er på jakt etter noko fast kan du sende inn ein søknad. Det kan vere at du er interessert i ei utdanning som er retta mot barn og unge, men er usikker på om det passar for deg. Da er dette sjansen til å prøve seg.
Stillingane er dels i SFO og dels i skulen.
Under finn du ei oversikt og har du eit spesifikt ønske om kvar du vil arbeide ber vi deg om å spesifisere det i søknaden.
- inntil to (2) - 100% vikariat på SFO, der 50 % på den eine stillinga vil kunne vere knytt til skulemiljø (med atterhald om tilskot på prosjektmidlar).
Vil du lese meir om Valldal skule kan du gå inn på heimesida vår ved å trykke på linken: Barnehage og skule - Fjord kommune
Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
- Oppfølging av enkeltelevar og grupper
- Leksehjelp
- Det kan vere tider der du får ansvar til å følgje opp barn og elev-/ar med særskilte behov.
- Samarbeide med pedagogisk personale
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar (primært)
- Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga
- Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
I arbeid med barn og unge treng vi personar som er ein trygg og god vaksen. Du må vere tålmodig, nysgjerrig og lærevillig i samspelet med barna. Det er viktig at du kan arbeide sjølvstendig, visar initiativ og ikkje lar seg stresse i hektiske og uoversiktlege situasjonar. I tillegg til godt samspel med barn og unge er det også viktig at du skapar gode relasjonar til kollega og foreldre.Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Løn i samsvar med avtaleverk
- Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot
Kontaktinformasjon
Hans Øyvind Lyshaug, Rektor Valldal skule, +47 41867841, hans.oyvind.lyshaug@fjord.kommune.noArbeidsstad
Skulebrauta 486210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommuneReferansenr.: 4971313349
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2945085
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e41e56eefe5a4dd4a3fda26d1f90d399