Vil du bli vår nye matros?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fiskepiren 1, 4013 Stavanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matros i sambandet Stavanger - Byøyene - Hommersåk, p.t. MS Tansøy
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 2. april
Fjord1 er eit av Noregs leiande ferjeselskap. Vi leverer trygg og påliteleg transport for passasjerar og kjøretøy langs norskekysten. No søker vi ein dyktig og engasjert matros til MS Tansøy, som frå mars/april går i sambandet Stavanger - Byøyene - Hommersåk.
MS Tansøy er ombygd til heilelektrisk framdrit.
Kvifor velje oss?
- Variert arbeid: Ein spanande og variert arbeidsdag med utfordrande oppgåver.
- Fleksibel skiftordning: 5 dagar på (mandag - fredag), og 9 dagar fri gir deg ein god balanse mellom jobb og fritid.
- Fantastiske kollegaer: Jobb saman med engasjerte og erfarne sjøfolk.
- Karrieremoglegheiter: Vi gir deg verdifull erfaring hos Noregs leiande ferjerederi.
- Gode velferdsordninger: Reise til/fra jobb blir dekka.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Offiserforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Reise til og frå jobb blir dekka
- Skiftordning 5 dagar på (mandag - fredag), og 9 dagar fri
Er dette stillinga for deg? Send inn søknaden din og bli med på laget som sikrar framtidas transport!
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Bemanningskoordinator, sigrunn.hellebust@fjord1.noArbeidsstad
Fiskepiren 14013 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4940604963
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2895505
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0489765b772847189d7ba3443368d2d3