Einingsleiar inkludering og mangfald i Ulstein
Oppvekst og kulturetaten, Inkludering og mangfald i Ulstein (IMU)
Reiten, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar inkludering og mangfald i Ulstein
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. april
Vi søker etter ein løysingsorientert leiar med gode samarbeidsevner som kan leie IMU vidare.
Arbeidsoppgåver
- Leie arbeidet med busetting, oppfølging og kvalifisering av flyktningar
- Leie Ulstein kompetansesenter, med ansvar for kommunen si opplæring til vaksne
- Ansvar for spesialpedagogiske tiltak i førskulen og logopedtenesta i kommunen
- Koordinere Ulstein kommune sitt ansvar som vertskommune for asylmottak
- Utøve god personal- og økonomileiing
- Følgje opp politiske saker og førebu saker til politisk handsaming
- Sikre og utvikle godt samarbeid med tenestemottakarar, og interne og eksterne samarbeidsaktørar
- Leie og motivere dei tilsette til arbeid med tenesteutvikling innan dei ulike fagområda
- Internkontroll og HMS-ansvar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet/høgskule
- Ønskeleg med leiarerfaring/leiarutdanning
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid innan integrering, opplæring og/eller førskule, og kjennskap til relevant lovverk
- Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
- God økonomiforståing og digital kompetanse
- Kompetanse innan prosess- eller endringsleiing
Personlege eigenskapar
Vi søker ein leiar som:
- Er utviklingsorientert, strukturert og tydeleg
- Har gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
- Har god relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner
- Er oppteken av kvalitet og tenesteutvikling
- Er samlande og trygg, og som evnar å engasjere og involvere personale og samarbeidsaktørar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Du må kunne identifisere deg med Ulstein kommune sine kjerneverdiar:
Nyskaping – Omsorg – Rausheit – Mangfald.
Vi tilbyr
Ein spanande og variert arbeidskvardag med kjekke medarbeidarar. Gode høve for fagleg utvikling og nettverksbygging.
Leiarstøtte frå fagstab og interne tenester. Tilsetting i samsvar med gjeldande avtaleverk. Løn etter avtale.
Stillinga er underlagt reglement for kommunal fleksitid.
Kontaktinformasjon
Karen Strand, Kommunalsjef, +47 99412490, karen.strand@ulstein.kommune.noArbeidsstad
Reiten6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetatenReferansenr.: 4945657937
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 21.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2901585
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b491485431724afda94dbe8c2be019be