Hopp til innhold

Ledig stilling i Skånevik barnehage

Arbeidsgiver

Etne kommune Skånevik barnehage

Sted

Barnehagevegen 24, 5593 Skånevik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent i Skånevik barnehage, 100% vikar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Har du lyst til å ha ein meiningsfult kvardag med varierte arbeidsoppgåver? Skånevik barnehage treng fagarbeidar/assistent i 100% vikarstilling, frå februar til og med juni. MEN med moglegheit for å få 100% vikariat i eit heilt år!

Arbeidsoppgåver

  • Være ein trygg og tilstedeværande vaksen i barnas kvardag
  • Delta i leik, aktivitetar og kvardagsrutiner
  • Samarbeide med øvrige tilsette for å skapa eit godt og inkluderande miljø
  • Bidra til praktiske oppgåver i barnehagen

Kvalifikasjonar

Du må ha gode norskkunnskaper.
Erfaring frå arbeid med barn eller relevant utdanning er ønskeleg.

Eigenskapar

Me ser etter deg som har eit varmt hjerta for barn og trives i barnehagemiljø. Som er ansvarleg, stabil og samarbeidsvillig.

Me tilbyr

  • Eit knallkjekt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsdagar og verdifull erfaring
  • Opplæring og støtte frå dyktige kollegaer
  • Moglegheit for meir arbeid ved behov

Annan informasjon

Barnehagen følgjer gjeldande reglar for politiattest. Attest må framvisast før oppstart.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3069c652-5671-491a-a84f-e9d5db6911b4

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3590309_214821_nn

Lignende annonser