Fast stilling som nattevakt -- sjukepleiar/vernepleiar (63 %)
Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27, 5705 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Nattevakt
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. august
Voss DPS NKS Bjørkeli har ledig fast stilling som nattevakt for autorisert sjukepleiar eller vernepleiar i 63 % stilling, med arbeid kvar 3. helg. Du vil inngå i eit team med to nattevakter på vakt samtidig.
Om døgnavdelingaDøgnavdelinga ligg i 3. etasje i bygg 1, Bjørkelivegen 27, og har plass til 12 pasientar, der éin plass er reservert for brukarstyrt innlegging.
Avdelinga har eit tverrfagleg behandlarteam beståande av:
-
Overlege/psykiater
-
Lege i spesialisering
-
Psykologspesialist
-
Psykolog
-
Sosionom
Miljøpersonalet består av:
-
Sjukepleiarar
-
Vernepleiarar
-
Hjelpepleiarar
-
Aktivitetsleiar
Fleirtalet av dei tilsette har vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, og fleire har også vidareutdanning i kognitiv terapi.
Kvalifikasjonar-
Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
-
Fordel med vidareutdanning eller relevant erfaring
-
Gode samarbeidsevner
-
Løn etter avtale.
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
-
Moderne lokale.
-
Eit godt arbeidsmiljø (dokumentert).
-
Jamnlege sosiale arrangement.
-
Høgt fagleg nivå.
-
Fagleg og personleg utvikling.
Om bedriften
Voss DPS har driftsavtale ("sjukehusavtale") med Helse Vest RHF og er eigd av N.K.S. Vestland, Hordaland. Vi er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsjukehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar.
Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
305d422b-0a20-4ac0-baab-ce9933b9c34e
- Hentet fra
FINN
- Referanse
414325012