Kapellan i Søre Sunnmøre prosti, med sokna i Herøy som særskild tenesteområde
Den norske kirke, Møre bispedøme
Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Kapellan i Søre Sunnmøre prosti, med sokna i Herøy som særskild tenesteområde
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Naturen, med si lange kyststripe, er vakker og storslagen. Mellom anna er kommunen kjend for det mektige fuglefjellet på øya Runde. Det er eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod i kommunen. Øya Herøy er nøkkelstad på Kystpilegrimsleia, og kyrkja tek aktiv del i pilegrimsarbeidet. Elles er det tilbod om festivalar og arrangement for alle, til dømes det spektakulære fjell løpet «Fyr til fyr»
Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy kommune. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, som er kommunesenteret, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn, der det dagleg er fleire fly til Oslo og Bergen. Til Ålesund kjem ein seg på under halvannan time. Det er ein halv time til Ulstein, der m.a. Sunnmøre folkehøgskule ligg. I Fosnavåg har vi badeland og hotell med konserthus.
Leikanger kyrkje, frå 1806 der er 505 medlemmer og det bor 679 i soknet
Indre Herøy kyrkje, frå 1916 der er 1324 medlemmer og det bor 1776 soknet
Hovudkyrkja, Herøy, ei arbeidskyrkje frå 2003, er kanskje det mest allsidige kyrkjebygget i landet. Kyrkja husar kyrkjekontoret, kyrkjerom, kyrkjelydssal, kapell, gymsal, amfi og andre samlingsrom, og er i bruk kvar dag og fleire gongar om dagen, både av tilsette og frivillige medarbeidarar. Til hovudkyrkja soknar der 4787 medlemmer og det bor 6520 i soknet. Administrasjonen på kyrkjekontoret er profesjonell og ryddig.
Det er 13 tilsette i kyrkjestaben: to prestar, diakon, to kyrkjelydspedagogar, kantor, kyrkjeverje, kontorfullmektig, to kyrkjetenarar, to gravplasstilsette og fleire klokkarar (frivillige og i mindre stillingar). Det er stabsmøte kvar veke.
Vi ser etter ein kapellan som kan vere med å fortsette det gode og jamne kyrkjelydsarbeidet, men som også kan drive fram eigne prosjekt knytt opp til kyrkjelydane sine planar og strategiarbeid. Kapellanen skal arbeide i alle tre kyrkjene og dele dei kyrkjelege handlingane med soknepresten.
Det er viktig at kapellanen trivest med born og ungdom, og erfaring frå dette feltet vil vere ei styrkje for arbeidet. For tida jobbar ein spesielt med ei ny gudstenesteform nokre søndagar i semesteret, «Messy Church», og dette gjev rikt høve til involvering og godt samarbeid med stab og friviljuge.
Ein ynskjer også å utvide arbeidet knytt til ungdom, og bruk av lokala i arbeidskyrkja. Vidareutvikling av pilegrimsarbeidet knytt til nøkkelstaden Herøy er eit anna satsingsområde. Det er samarbeid med Ulstein sokn om konfirmantundervisinga og TenSing. Når det gjeld ansvar i trusopplæringa og pilegrimsarbeid, vil ein finne ein høveleg ansvarsdeling mellom kapellan, sokneprest, diakon og kyrkjelydspedagogane.
Kapellanen utfører sin teneste i samsvar med tenesteordning formenighetsprester og har soknepresten som sin nærmaste overordna. I Søre Sunnmøre prosti, som er tenestedistrikt, er det til saman 14 prestestillingar. Det er i tillegg studentprest (50% stilling). Helseføretaket har sjukehusprest ved Volda sjukehus (70% stilling).
Arbeidsoppgåver
- Kapellanen skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru liv vert fremma i kyrkjelyden.
- I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker, som vert delt etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i trus- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andakter på sjuke- og aldersinstitusjonane i fellesrådsområdet.
- Det vil så langt det er råd verte tatt omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
- Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordninga.
Kvalifikasjonar
- Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
- Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
- Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort oppmerksam på krav om attest som syner autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrke, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja, og krav om å beherske norsk språk, jf. Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
- Søkjar må opplyse om han/hun meistrar begge målformer. Målforma er nynorsk
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter en prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap.
- Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk.
- Sjølvstendig, og med gjennomføringsevne
- Engasjement og interesse for arbeid med born og unge.
- Kunne arbeide med struktur, og fylje planar og visjonar.
- Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
- Kapellanen vil arbeide mykje i team, særskilt i arbeidet med born og unge. Ein legge derfor stor vekt på gode samarbeidsevne
Vi tilbyr
- Stillinga vert lønna etter hovedtariffavtalen for Den norske kyrkje, stillingskode 0922 kapellan.
- Innskot i KLP.
- Godtgjeringar og tilskot etter dei vilkår som til ei kvar tid er fastsett. Den som blir tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtaler, særavtaler, reglement m.m. og andre bestemmingar som kan bety noko for gjeremåla i tenesta.
- Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
- Eit godt samarbeid mellom tilsette i prostiet. Prestane møtes regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
Anna
- For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B, og kunne disponera eigen bil i arbeidet.
- Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, jf. Lov om tros- og livssynssamfunn §20.
- Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
- Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje.
Kontaktinformasjon
Ingeborg Matre, Prost, 94806965Arbeidsstad
Lisjebøvegen 16091 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 5125012421
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Ingeborg Matre
Prost
94806965
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
303355d3-027d-45ed-8e4c-d473d8c87546
- Sist endret
6. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cededba76d9d4ebeb3b831c94897bcd4