Prosjektstilling sjukepleiar
Herøy kommune, Avdeling for legetenester
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Om jobben
- Oppstart
- 1. desember 2026
- Stillingstittel
- Prosjektstilling sjukepleiar
- Type ansettelse
- Engasjement, deltid 60%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. november
Vi søker ein engasjert og dyktig sjukepleiar i vår prosjektstilling fordelt på Herøy og Myrvåg legesenter i frå første moglege dato. Vi ser etter deg som likar å jobbe med prosjekt og utvikling, og har gode samarbeidsevner. Prosjektet heiter: "Styrking av allmennlegetenesta i distriktskommuner."
Prosjektstillinga er ei deltidsstilling på 60%. Det kan leggast til rette for ein kombinasjon med 40% stilling i heimetenesta dersom søkar ønska det. Ei slik kombinasjonsstilling kan også være ein fordel sett opp mot målsetninga til prosjektet.
Målsetninga for prosjektet er å få betre samhandling mellom fastlegane, og samarbeidspartnarar, mest inn mot kommunal helseteneste, som til dømes heimetenesta. Kjennskap til arbeid ved legekontor og/eller heimesjukepleie vil vere ein fordel. I tillegg er det ønskeleg å få implementert gode rutinar for sjukepleiearbeid ved legesentera.
Arbeidsstad vil vere begge dei kommunale legekontora i kommuna, i tillegg til administrasjonstid for del som høyre til prosjekt.
Prosjektstillinga er i utgangspunktet treårig, med atterhald at tilskotet vert vidareført i statsbudsjettet. Tilsetting vert difor eitt år om gongen.
Herøy legesenter har faste legar i alle våre seks fastlegeheimlar. Av desse er fire ALIS-legar og to erfarne allmennlegar. Vi har også ein LIS1-lege og om hausten tek vi imot studentar frå NTNU Trondheim. Myrvåg legesenter har hatt stabile fastlegar over fleire år. I tillegg til LIS1, er her fire fastlegar, der alle legane er spesialistar i allmennmedisin.
Arbeidsoppgåver
Arbeidskvardagen hjå oss består av både kliniske og administrative oppgåver. Arbeidsoppgåvene vil variere gjennom dagen, og du vil samarbeide tett med både legar, sjukepleiar og helsesektrærar mellom anna med:
- arbeid på laboratoriet, inkludert blodprøvetaking og analyser
- vaksinering, injeksjoner og infusjoner
- gjennomføre spirometri, audiometri og EKG
- utføre sårbehandling
- gi faglige råd og gjere vurdering av pasientar som tek kontakt på telefon og ved oppmøte
- bistå lege i akutte situasjonar og ved utrykningar
- delta i daglegevaktfunksjon
- bistå ved småkirurgiske prosedyrer og utføre enkelte delegerte legeoppgåver
- betene resepsjon og telefon
- skanne og registrere epikriser og prøvesvar
- utføre andre administrative oppgaver som høyrer til drifta av legekontoret
Administrative oppgåver:
- lage prosjektprotokoll
- lage gode samhandlingsrutiner
- lage prosedyrer for sjukepleieroppgåver som kan delegerast av legane og takstast for
Kvalifikasjonar
- er autorisert sjukepleiar
- er sjølvstendig, strukturert og trygg i møte med pasientar
- nytenkande
- interessert og nysgjerring på endring og forbetring
- kommuniserer godt på norsk eller anna skandinavisk språk
Personlege eigenskapar
- trivst i rolla som sjukepleiar og likar pasientoppfølging
- du har gode samarbeidsevne og likar å jobbe i saman med andre, men kan og jobbe sjølvstendig
- du vil vere med å utvikle legetenesta i kommunen, og stiller gjerne opp og er til støtte for kollegaer
- du ser verdien i å samarbeide med andre tenester, for å finne gode løysingar til det beste for pasientane
- har jamt godt humør, er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- ein variert arbeidskvardag med både kliniske og administrative oppgåver
- eit fagleg sterkt og erfarent kollegium
- godt arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom legar, sjukepleiar og helsesekretærar
- gode moglegheiter for faglig utvikling
- gode pensjons- og forsikringsordninger gjennom KLP
- arbeidstid på dagtid, kl. 08.00-16.00
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Jan Magne Remøy, Kommuneoverlege, +47 47768084Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5194597252
Stillingsprosent: 60%
Engasjement
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 25.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Jan Magne Remøy
Kommuneoverlege
+47 47768084
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
85c5b3f8-b262-4466-8b89-9e495860eb89
- Sist endret
5. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bba4825b3ae94cb0ab8bc303c55bbf91