Veileder
Bjørnafjorden kommune NAV
Brugata 36, 5200 Os
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Bjørnafjorden kommune har omlag 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov, og som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet.
Vi er eitt av tre kontor i region Midthordaland, og er videre organisert under kommunalsjef for helse & velferd. Vi held til i lokaler på Osøyro, og ila 2023 vil vi flytte inn i nye lokaler- fortsatt på Osøyro. Vi har 3 avdelinger ved kontoret, der det er stor grad vert jobba på tvers av avdelingane.
NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske muligheter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement og som ønsker meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
Vi styrker no bemanninga med 2 X 100% fast stilling, som følge av at kommunen skal ta imot fleire flyktningar i 2023.
ArbeidsoppgåverSom veileder har du ansvar for oppfølging av brukarar i tråd med NAV sitt samfunnsoppdrag. NAV-kontoret skal betre levekåra for vanskelegstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggleik, herunder at den einskilde får høve til å leva og bu sjølvstendig, samt fremje overgong til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
- Kartlegging av den enkelte brukar sine ressursar, behov og moglegheiter
- Rettleiing, oppfølging og motivering av personar som treng bistand for å kome i arbeid
- Samhandle med arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar og vere pådrivar for å finne gode løysningar i ordinært arbeidsliv
- Sakshandsaming i NAV sine fagsystem etter gjeldande lovverk
- Andre oppgåver knytt til kontoret etter behov, herunder vakter i publikumsmottak
- Relevant utdanning på minimum bachelornivå frå høgskole/universitet. Til dømes samfunnsfagleg, sosialfagleg, økonomisk, juridisk eller helsefagleg utdanning
- Relevant erfaring med offentleg saksbehandling kan kompensere for utdanningskrav
- Gode datakunnskapar
- God skriftleg og muntleg framstillingsevne
- Kjennskap til LEAN som metode
Vi ser etter deg som trives å arbeide med menneske. Du ser etter løysingar i arbeidet ditt og du har evne til å handtere ein travel arbeidskvardag. Du ser verdien av å arbeide i team, samstundes som du er sjølvstendig med ønskje om å utvikle gode NAV tenester saman med bruker.
Vi er ein organisasjon i endring. Vi ser etter deg som er positiv, samarbeidsvillig og som på eige initiativ tek del der det er behov. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. Krav om politiattest.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Meiningsfylte oppgåver knytt til eit viktig og spanande samfunnsoppdrag
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Fleksibel arbeidstid
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- Vi er opptekne av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
For å kunne levere best muleg tenester er det viktig med mangfold i rekrutteringa. Vi oppfordrer derfor personer med innvandrerbakgrunn, nedsatt funksjonsevne og hull i CV-en til å søke jobb hos oss.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2296416
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3138513_195945_nn