Vi treng sommarvikarar til ulike driftsoppgåver. Send oss ein søknad!
Askvoll kommune Driftssentralen
Askvollvegen 426A, 6980 Askvoll, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb for ungdom mellom 16-18 år
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Askvoll kommune søker etter ungdommar mellom 16-18 år, til sommarjobb i vekene 27 til 33 (30.06-18.08).
Stillingane er først og fremst tenkt for ungdom heimehøyrande i Askvoll kommune.
Vi treng sommarvikarar til fleire ulike oppgåver:
- Vedlikehald av kommunale bygg, som til dømes grunning, maling/beising, vasking, skraping av gamal måling
- Vedlikehald av grøntanlegg, som klipping av gras, luking av ugras, beskjæring av busker/trær
- Rydding og sortering av avfall
- Anna førefallande arbeid
Kva forventar vi av deg:
- Du har gode samarbeidsevner og er lærevillig
- Du er serviceinnstilt og likar å jobbe med folk
- Du kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar for oppgåvene du får tildelt
- Du har godt humør og stå-på-vilje
Det vil bli lagt vekt på at du kan arbeide heile perioden frå slutten av juni til midten av august.
Førarkort på moped/bil er ein fordel, men ikkje eit krav.
Skriv kortfatta søknad der du fortel om deg sjølv, kva type arbeid du ønskjer å prøve deg på denne sommaren, og kva veker du kan jobbe. Opplys også om alder, adresse og telefonnummer. Innkalling til samtale/intervju og tilbod/avslag på jobb vil du få på den e-postadressa du registrerer i søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2feff979-bb2b-4a33-b45b-b2efd3c8768b
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3510503_140355_nn