Ledig stilling som LIS / overlege
Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27, 5705 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
LIS3 / overlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig 100% fast stilling ved Voss DPS NKS Bjørkeli og lyser etter LIS3, men vi er også interessert i eventuell overlege.
Som LIS hjå oss får du god tid til pasientretta arbeid, og du inngår i eit utdanningsløp med rettleiing, undervisning, fordjupingstid og kurs som er i tråd med løpet for å bli spesialist i psykiatri. Du får tilbod om individuell psykoterapirettleiing innan psykodynamisk terapi, og har moglegheit til å fordjupe deg vidare i psykodynamisk-, kognitiv- eller gruppe. Vi har stort fokus på undervisning og læring, og at du skal få gjennomført dei obligatoriske læringsaktivitetane du treng. Du kan ta fire år lokalt, og vi har avtale med Sandviken sjukehus om eitt års akutt-teneste. Dermed kan du få dekka alle læringsmål hjå oss. Arbeidstida som LIS er 08.00 til 15.30, og du inngår i ei vaktordning som for tida er sju-delt med heimevakt, og du vil alltid ha støtte frå erfarne kollegaer og bakvakt.
Du får halde deg oppdatert fagleg gjennom faste internundervisningar og felles kompetanseheving innan ulike tema. Du blir ein del av eit tverrfagleg team med dyktige fagpersonar, og får delta i faste behandlarmøter og mindre team med god tid til å drøfte saker og problemstillingar. Vi har gode ordningar for fordjupningsdagar og deltaking på kurs som del av spesialiseringa.
Vi har opne dører og tek godt imot nye tilsette hjå oss, og som eit mindre senter lærer vi kvarandre å kjenna. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø og fagmiljø, og alt frå faglitteratur til fjellsport blir diskutert over ein utsøkt lunsj laga av dei dyktige kokkane våre. Når vêret tillèt det nyt vi gjerne lunsjen ute i sola!
Som tilsett blir du godt kjend med den vakre bygda Voss, som ligg midt i smørauget av dei beste naturopplevingane Vestlandet har å by på, og i tillegg har eit rikt og spanande kulturtilbod, med fleire festivalar og faste arrangement. Med toget kjem du deg enkelt og miljøvennleg til både Oslo og Bergen, noko som passar godt då vi innehar miljøfyrtårn sertifisering.
Det er moglegheit for å få deler av reisetida inkludert i arbeidstida ved pendling, og me har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP. Du - fagleg engasjert, varm og trygg i møte med andre menneske!Har du norsk autorisasjon som lege, ønsker å spesialisere deg innan psykiatri (eller er ferdig med spesialisering), trivst med ein sosial gjeng og er glad i travle dagar, kan du vera akkurat den vi ser etter. Då du i stor grad styrer din eigen kvardag er det viktig at du er strukturert, kan planleggja godt og toler å stå i krevjande situasjonar. For å trivast hjå oss er det viktig at du liker tverrfagleg arbeid. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Blir du lokka av ein variert kvardag med gode utviklingsmoglegheiter, eit godt arbeidsmiljø og kjenner deg klar for å ta steget vidare i karrieren din? Då vil vi gjerne høyra frå deg! Er det noko som er uklart? Ta gjerne kontakt.
ArbeidsoppgåverOm bedriften
Voss DPS har driftsavtale ("sjukehusavtale") med Helse Vest RHF og er eigd av N.K.S. Vestland, Hordaland. Vi er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsjukehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, aktivitetsleiar og sekretærar. Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.
Sektor
Privat
Nettsted