Er du student og har lyst på ein spennande helgestilling?
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Stipendstilling for deg som er student innan helse
Type ansettelse
Vikariat, deltid 17%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Studerer du sjukepleie/vernepleie eller anna høgskulestudie innafor helse har me ledig helgestilling med stipend til deg på Hauatunet bufellesskap!
Hauatunet bufellesskap er eit døgnbamanna bufellesskap for 8 personar med psykiske utfordringar, bustadane våre ligg i Ølen.
Du får jobbe i stilling ca. 13 -17 %. Når du får stipendavtale med kommunen har du allereie sikra deg sommarjobb påfølgande år!
Kva får du jobba med hos oss?- Miljøarbeid
- Tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål i bustaden til brukaren
- Behandling
- Iindividuelle samtalar, rettleiing
- Samarbeid med andre tenester kommunalt/interkommunalt m.m.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- I Vindafjord kommune har me ein eigen ordning for lønn til studentar.
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Du må dokumentere for mottatt studieplass som sjukepleiar/vernepleiarstudent eller anna relevant høskule innafor helse, men har du ikkje fått svar, kan du og søkja! Stipendavtale vil bli gitt når dokumentasjon som stadfester studieplass kan leggjast fram.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Du må ha IKT - kompetanse
- Du må ha sertifikat for bil
- Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Robust, trygg og open personlegheit.
- God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune kan tilby sjukepleiar/vernepleiarstudentar evt. anna høgskule innafor helse det som truleg er den beste stipendordninga i distriktet. Du vil ha mogligheit til å jobbe ekstravakter ut over din avtalte stillingsprosent og velje den arbeidstidsordninga som passer deg best. Det blir lagt vekt på at du sjølv skal ha stor påverknad på kva helger i året som passer best for deg å jobba. Har du søkt sjukepleiar-/vernepleiarstudie, men ikkje fått svar, kan du og søkja, men avtale vil ikkje bli gitt før ein kan leggja fram dokumentasjon på mottatt studieplass. Innkomne søknadane vil bli handsama fortløpande under utlysingstida.
Studentavtaler skrives for eit år om gongen. Under der vises det til to forslag for avtale, det fins og andre alternativ dersom studiet går øve fire år!
Alternativ 1:
Forpliktande arbeidstid: Kvar 3. helg, minumum to vakter pr. helg. Avtale inngås frå medio august 2025 til medio august 2026. Under hovudferieavviklinga på 8 veker, må du arbeida minimum 75% stilling i 5 veker inkl. 2-3 helger.
Alternativ 2:
Forpliktande arbeidstid: Kvar 2. helg, minimum to vakter pr. helg. Avtale inngås frå medio august 2025 til medio august 2026. Under hovudferieavviklinga på 8 veker, må du arbeida minimum 75% stilling i 5 veker inkl. 2-3 helger.
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2914042
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3489177_229845_nn