Barnehagelærar
Bemanningssenteret, Helse Bergen HF
Haukelandsbakken 42, 5009 Bergen, Haukelandsveien 38, 5096 Bergen, Jonas Lies vei 59, 5021 Bergen, Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. desember
Helse Bergen eig og driv fire barnehagar med til saman 250 plassar. Tre av barnehagane ligg nær Haukeland universitetssjukehus og Vinterdalen barnehage ligg ved Sandviken sjukehus. Vårt
satsingsområde er Livsmeistring og helse, der vi legg til rette for at barna utviklar sunn fysisk og psykisk
helse. Vi er anerkjennande vaksne som legg stor vekt gode relasjonar og ein god barnehagekvardag.
Helse Bergen har eit eige Bemanningssenter som leverer eigne vikarar, både innan helsetenester og driftstekniske tenester. Bemanningssenteret søker etter barnehagelærar i 100% fast stilling som vil jobbe i Vinterdalen barnehage i ein periode og deretter jobbe i dei andre 3 barnehagane.
Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, og stillinga inneber at ein ved behov skal arbeide ved alle dei 4 barnehagane til sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
Som barnehagelærar må du:
- Vere ein aktiv bidragsytar i barnehagen
- Medansvar for å skape eit godt psykososialt barnehagemiljø
- Medansvar for god fagleg utvikling i barnehagen
- Medansvar for planarbeid og organisering av avdelinga
- Medansvar for eit godt foreldresamarbeid
- Medansvar for observasjonsarbeid og samarbeide med andre instansar ved behov
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barnehagelærar
- Kunnskap om barns utvikling: God forståing av barns utvikling og læring
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30
Personlege eigenskapar
- Fagleg dyktig barnehagelærar med engasjement for barn og barneperspektivet
- Ein lagspelar med gode samarbeidsevne til å jobbe i team med andre kollegaer
- Gode kommunikasjonevner i å kommunisere med både barn, foreldre og kollegaer
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Fleksibel og løysingsorientert med evne til å tilpasse seg ulike situasjonar og behov
- Tolmodig med evne til å handtere utfordrande situasjonar med ro og forståing
- Omsorgsfull vaksenperson som har evne til å vise empati og omsorg for barns behov og kjensler
- Du er raus og respektfull i møte med barn, foreldre og kollegaer
- Ha ein positiv haldning som kan inspirere og motivere barna
Vi tilbyr
- Ein spennande og engasjerande arbeidskvardag
- Eit godt arbeidsmiljø: Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Fagleg utvikling: Moglegheiter for kurs og vidareutdanning for å styrke faglege ferdigheiter
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar: Trygge og gode ordningar for pensjon og forsikring
- Støtte og rettleiing: Regelmessig støtte og rettleiing frå erfarne kollegaer og leiing
- Sosiale aktivitetar: Deltaking i sosiale aktivitetar og arrangement for å styrke samhald og trivsel
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.
Kontaktinformasjon
Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5045320600
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Cathrine Fauske Haferkamp
Seksjonsleiar
99426755
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2f4707de-2c0c-4575-b086-64a0c0ce739b
- Sist endret
25. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8385c44e57de48b88003b6c7a8369cd3
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sandalsbotn barnehage, Bergen kommune
Sted
Nesttun
Arbeidsgiver
Gyldenpris barnehage, Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Gimle oppveksttun - barnehage, Bergen kommune
Sted
Bergen