Nestleder - Vikariat
Vinmonopolet
Lars Hertevigs gate 6, 4005 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Nestleder - Vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Nestleiar
Vi har ledig stilling for ein som vil være med å ta ansvar for leiinga av vår butikk. Tenesta er for tida i Stavanger Herbarium til 1-års vikariat. Tiltredes snarest og innen 01.04.2026 Vi leitar etter ein dyktig person som har leiarerfaring, aller helst frå butikk. Det er viktig at du kan motivere og få det beste ut av medarbeidarane i butikken i ein travel kvardag. I tillegg legg vi vekt på gode samarbeidsevner, og at du er sjølvstendig og har god vurderingsevne.
Det er ein fordel om du har økonomisk utdanning ut over treårig vidaregåande skule.
Dine hovudoppgåver vil være:
- Bistå butikksjefen slik at butikken oppnår fastsette måltal.
- Kompetanse- og ferdigheitsutvikling som omfattar obligatorisk opplæring og deltaking på vareprøvingar slik at Vinmonopolet står fram som landets leiande faghandelskjede.
- Kvalitetsutvikling i butikken gjennom å rette seg etter bedrifta sine retningslinjer innanfor HMS og Inkluderande arbeidsliv.
- Administrative funksjonar som omfattar gjennomføring av dei til einkvar tid gjeldande retningslinjer for drift av Vinmonopolet sine butikkar. Utføre administrative funksjoner som vert pålagt av butikksjef.
- Nestleiar har ansvaret for drifta dersom butikksjefen er fråverande.
Vi tilbyr
I Vinmonopolet vil du få høve til å gjøre ein viktig jobb i samarbeid med serviceinnstilte og kompetente kollegaer i ei av dei best likte verksemdene i Noreg. Hos oss får du høve til god varefagleg utvikling i svært godt arbeidsmiljø. Du vil også få tilgang til gode pensjons- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse.
I vår organisasjon er det eit mål å oppnå en balansert samansetning i høve til alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn.
Les meir om personvern i Vinmonopolet her: https://www.vinmonopolet.no/personvern
Kontakt butikksjef Inger Helen Byberg på telefon 94833080 om du vil høyre meir om stillinga.
Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.
Søknadsfrist: 15.02.2026
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Du må vere over 20 år for å jobbe hos oss, men elles ønskjer vi oss medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og livserfaring og ulike perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysingar.
Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.
Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern
Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.
Om bedriften
Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol. Vi er den største vinbutikken i verda, med vel 35 000 produkt, og har einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl. Med på laget har vi over 2 000 stolte, engasjerte og dyktige medarbeidarar, fordelte på nærmare 350 butikkar, kundesenter, netthandel og administrasjon. Vi er på jakt etter deg som vil vere med å ta vare på det gode omdømmet vårt og bidra til at vi held fram med å vere ein faghandel i verdsklasse.Dette gjer vi gjennom kundemøte prega av fagkunnskap, god service og ansvarskjensle. I tillegg vil du vere ei viktig brikke i arbeidet med å gjere Vinmonopolet til ei føregangsverksemd på berekraft. Vi skal vere rå på fag, stolte kvar dag og best saman som lag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2f3e66de-17cf-4fe0-9e6b-4aa381fa4479
- Sist endret
26. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10278817
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Vinmonopolet
Sted
Stavanger
Arbeidsgiver
SPAR Haugåsstubben
Sted
Stavanger
Vikariat som politiinspektør/avsnittsleder FP - FEE – personavsnittet ut 2026
Arbeidsgiver
Sør-Vest politidistrikt
Sted
Stavanger