Hopp til innhold

ID 1068 Barnehagelærar, 80% vikariat i Svingen barnehage

Arbeidsgiver

Svingen barnehage

Sted

Fitjar

Om jobben

Oppstart
10. august 2026
Stillingstittel
Barnehagelærer
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest fredag 7. august

Svingen barnehage har ledig 80 % vikariat som barnehagelærar frå 10.08.26 til 24.12.26, med mogleheit for forlenging ut barnehageåret.

Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Dette er ein kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum, og vil til hausten 2026 ha fire avdelingar.

Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. I dei to neste åra skal barnehagen vera med i eit læringsmiljøprosjekt initiert av UDIR og statsforvaltaren i Vestland. Alle barnehagane og skulane i Fitjar kommune skal delta her. Hovudoverskrifter i prosjektet er psykososialt barnehage- og skulemiljø.

Kvalifikasjonar:
  • Barnehagelærar

  • Eventuell anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk på 60 studiepoeng.

  • God IKT kompetanse

Arbeidsoppgåver:
  • Gi omsorg og støtte til barn i alderen 0-6 år

  • Utvikle, støtte og rettleie barns leik

  • Bidra til å skape aktivitetar i kvardagen saman med barna

  • Bidra med det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og motivera medarbeidarar til utvikling og målretta arbeid til det beste for barna

  • Samarbeid med føresette

Vi søkjer deg som:
  • Er påliteleg, stabil og ansvarsfull

  • Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig

  • Arbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse

  • Står trygt i deg sjølv og handlar ut frå barns beste

  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å vere open, ærleg og reflektert

  • Evne til å bidra til at barn opplever meistring og glede

  • Trivst med å vere ute store delar av dagen, uavhengig av ver og årstid

Vi tilbyr:
  • Godt, trygt arbeidsmiljø med imøtekomande tilsette som bryr seg om kvarandre og barna sitt beste

  • Lønns- og pensjonsavtale i tråd med hovudtariffavtalen


I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Søknadsskjema skal fyllast ut med referansar og oppdatert CV.

Kontaktperson for stillingen

Aud Jorunn Vedøy

Einingsleiar

99733185

audved@fitjar.kommune.no

Om bedriften

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

Meir informasjon finn du på: https://www.fitjar.kommune.no/tenester/barn-skule-og-familie

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2f2352a0-1626-4ec2-a02b-81164f06be43

Sist endret

8. juli 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

2f2352a0-1626-4ec2-a02b-81164f06be43

Lignende annonser

Laster lignende annonser