Hopp til innhold

Kokk

Arbeidsgiver

Suldal kommune Suldal sjukeheim

Sted

Eidsvegen 1, 4230 Sand

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 26. november

Kjøkkenet vårt produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg. Kjøkkenet har drift alle dagar heile året, for tida berre på dagtid. Ein arbeidar i turnus med arbeid kvar tredje helg.

Om stillinga:

Suldal sjukeheim har ledig 100% fast stilling som kokk. Kjøkkenet vårt produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg. Kjøkkenet har drift alle dagar heile året, for tida berre på dagtid og ettermiddag.

I denne stillinga arbeidar ein i turnus med arbeid på langvakt til kl. 17.00 kvar tredje helg. I heilagdagspcriodar og feriar er det og penodar med langvakter. Ta kontakt ved spørsmål om turnus.

• Stillingsstorleik: 100%

• Stillingstype: Fast

• stilling ledig frå: 08.02.2027

Arbeidsoppgåver:

• Produksjon av alle døgnets måltid til inneliggande pasienter, samt ein del til utbringing.

• Reinhald av kjøkken og utstyr.

• Anna førefallande arbeid, blant det noko utkøyring av mat.

Kompetanse:

• Me søkjer primært deg som er utdanna kokk.

• Andre kokekyndige med erfaring frå kjøkkenarbeid og matproduksjon kan vurderast, og vil då bli tilsett som kjøkkenassistent.

Kvalifikasjonar:

• Evne til å arbeida sjølvstendig og i team.

• Evne til å halda orden og overhalda hygieniske prinsipp.

• Meistrar norsk munnleg og skriftleg.

Hos oss i Suldal kommune får du:

• Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

• Engasjerte og dyktige kollegaer

• Gode pensjons- og forsikringsordningar

• Bedrifthelseteneste

• Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

• Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

• Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju

• Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa

• Kommunen følgjer offentlighetslova 2S ved eventuell offentleggjering av søkjarlis

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Elida Lillehammer Bakka

Einingsleiar

+47 97 02 99 49 +47 91157290

elida.lillehammer.bakka@suldal.kommune.no

Om bedriften

Nye Suldal sjukeheim får 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heimen til innbyggjarane som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Innan fem år har me mål om å vera sertifisert Livsglede sjukeheim. Å ha gode etiske haldningar og tid til refleksjon er viktig for oss. Me har fokus på gode pasientforløp og jobbar etter «Kva er viktig for deg?» prinsippet. Me yt personsentrert omsorg, og er i ferd med å implementere TID-modellen. Me har eige kjøkken og vaskeri, og samarbeider tett med helseavdelinga, tildelingskontoret og Suldal heimetenester.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2f18a8db-d5fd-419c-8a4f-9d6f1abe6ede

Sist endret

12. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3678461_203551_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser