Jordmor
Føde, barsel- og gynekologisk post Stord Sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Jordmor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. desember
🌸 Vil du bli jordmor hos oss?
Ved vår kombinerte føde-, barsel- og gynekologiske avdeling har vi no ledig stilling som jordmor. Her blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med fokus på kvalitet, tryggleik og gode pasientopplevingar.Avdelinga har om lag 400 fødslar og 450 gynekologiske operasjonar årleg. Vi har seleksjonskriterium for fødande og samarbeider tett med fødeavdelinga og nyføddintensiv ved Haugesund sjukehus for å sikre trygge og heilskaplege tenester.
Som jordmor hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag innan føde, barsel og gynekologi. Vi legg stor vekt på god opplæring og tett oppfølging, og du vil få støtte frå erfarne og dyktige kollegaer. Arbeidsmiljøet vårt er prega av tverrfagleg samarbeid, høg kompetanse og eit sterkt engasjement for både pasientar og medarbeidarar. Hos oss får du moglegheit til fagleg utvikling, meistring og vekst i eit inkluderande arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode. Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer hos oss og blir ein del av vårt team 💙
Kva går jobben ut på?
- Gi heilskapleg og trygg fødsels- og barselomsorg til kvinner og familiar
- Sjukepleie, observasjon og oppfølging av gynekologiske pasientar
- Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid for å sikre god pasientbehandling
- Rettleiing og oppfølging av studentar i praksis
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som jordmor
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Kva ser vi etter hos deg?
- er strukturert og løysingsorientert
- kommuniserer tydeleg og skaper tillit i møte med pasientar og kollegaer
- ser den enkelte pasienten og møter menneske med respekt og omsorg
- tek ansvar og arbeider godt både sjølvstendig og saman med andre
- trivst i eit tverrfagleg miljø og bidreg til godt samarbeid og fagleg utvikling
Kvifor skal du velje oss?
- Du blir ein del av eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre
- Du får arbeide i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
- Du får gode moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og personleg
- Du blir del av eit sterkt tverrfagleg samarbeid med pasienten i sentrum
- Du får gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Du får ein arbeidsplass som er godkjend som IA-bedrift og som legg vekt på trivsel, mangfald og inkludering
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hildegunn Horvei, Funksjonsleiar, +47 47241033Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5216535237
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Hildegunn Horvei
Funksjonsleiar
+47 47241033
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2f086aac-17fc-4159-96d4-49dbd5cff602
- Sist endret
27. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d6e54e75abc84d10912a9b27dc8be1d8