Hopp til innhold

Vil du bli vår nye overlege? 

Arbeidsgiver

Avdeling psykisk helsevern - Valen sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 15, 5451 Valen

Om jobben

Oppstart
1. februar 2027
Stillingstittel
Overlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. desember

Overlege i psykiatri søkjast til Valen sjukehus

Valen sjukehus er ein tradisjonsrik institusjon med røter heilt tilbake til 1910. Gjennom meir enn hundre år har sjukehuset vore kjenneteikna av ein humanistisk tilnærming til behandling og evna til å ta i bruk nye og innovative behandlingsformer.

Er du ein overlege som ønskjer å arbeide i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, varierte kliniske utfordringar og gode moglegheiter for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere arbeidsplassen for deg.

Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med brei kompetanse innan psykisk helsevern. Sjukehuset omfattar akuttpost, psykosepost, sikkerheitspost, sikkerheits-/rehabiliteringspost, FACT sikkerheitsteam og poliklinikk. Du vil samarbeide tett med erfarne overlegar, psykologspesialistar, LIS-legar, sosionomar, psykiatriske sjukepleiarar, aktivitørar og engasjert miljøpersonell. Ved Valen sjukehus kombinerer vi sterke faglege tradisjonar med utvikling, nytenking og eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til best mogleg behandling for pasientane våre og samtidig vere med på å vidareutvikle tenestene for framtida.

Høyrest dette interessant ut? Då ser vi fram til søknaden din.

Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing og testing
  • Behandling og oppfølging av pasientar
  • Vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk helsevern og dom til behandling
  • Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
  • Inngår i bakvaktssystem for legar
  • Rettleie legar i spesialisering
  • Rettleiing av studentar og anna helsepesonell

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Godkjend spesialist i psykiatri
  • Erfaring med elektronisk pasientjournal (EPJ), gjerne DIPS og Meona
  • Erfaring med vedtaksarbeid innan psykisk helsevern
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
  • LIS som er nær spesialisering kan tas i betraktning

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er pasientorientert og engasjert
  • har høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
  • er tålmodig og evne til å knytte relasjon
  • tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • har gode samarbeidsevner

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse og gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
  • Helse Fonna legg til rette for høg fagleg standard og kontinuerleg kompetanseutvikling. Som overlege får du årleg kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten.
  • Gode moglegheiter for fagutvikling, rettleiing og forsking.
  • Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.
  • Ei unik plassering i vakker vestlandsnatur med fjord, fjell og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt.
  • Eit rikt kultur- og fritidstilbod i regionen. Rosendal med Baroniet ligg om lag 30 minutt unna, medan Husnes med kino, kjøpesenter, skule- og idrettsanlegg ligg berre 10 minutt frå sjukehuset.
  • Ein kommune med eit aktivt kulturliv og fleire festivalar gjennom året.

Kontaktinformasjon

Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, +47 53466407

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 15
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5213436244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 13.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Marianne Lund Anderssen

Avdelingsleiar

+47 53466407

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.


 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

befc32c9-9f2c-4b58-a2e4-df0ba8644546

Sist endret

23. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fdd6101eef794626986e8c4ca85a2eb9

Lignende annonser

Laster lignende annonser