100% fast stillingar som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100% fast stillingar som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. juni
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.Lærdal bu og omsorgsheim har 22 plassar, der 6 plassar knytt til demensavdelinga og 4 kortidsplassar. I tillegg skal det opprettast KAD plassar frå mai 2025.
Heimetenesta yter tenester til ca. 70 teneste mottakarar rundt om i kommunen, deriblant 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader. Vi er samlokaliserte, med kjøkken, aktivitetstove, demenskoordinator, fysio/ ergo, kreftkoordinator og administrasjon i pleie og omsorg, med fokus på samarbeid!
Me søkjer deg med helsefagleg utdanning til ein spennande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Stillingane har turnus med arbeid kvar 3.helg, med mogelegheit for langvakt på helg, og samla fri. Fortløpande tilsetjing.
Dine oppgåver vil være å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren oppleve å meistre sin sjukdom/ helseplager i størst mogeleg grad. Systematisk kartlegging av brukarane og oppfølging for å avdekka forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksetta rette tiltak, der meistring av eige liv for brukaren er målsetnaden.
Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, fastlege og spesialisthelsetenesta kring:Medisinsk oppfølging, velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering, palliasjon vil vera stikkord i ditt arbeid.
Er dette deg?
- Høg arbeidsmoral, ansvarsfull og gode haldningar.
- Likar å jobbe med menneskjer.
- Fleksibel og god på samhandling - finn den beste løysninga
- Evne til å arbeide i eit hektisk miljø
- God til å arbeide både sjølvstendig, og samarbeide med andre.
- Gjer til kjenne det du ynskjer å lære, slik at du får den opplæringa du har behov for.
Hjå oss får du:
- Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
- Mogelegheit for fagleg og personelg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
- Støttande leiing
- Tilsetting i ei trygg, offentleg, verksemd
Kva kvalifikasjonar krev me?
- Helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
- Ufaglærte som ynskjer å ta utdanning vert også oppfordra til å søke.
- Førerkort klasse B - godkjent i Norge (heimebasert omsorg)
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkarar utanfor Skandinavia.
Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:
- Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode mogelegheiter for Vidareutdanning
- Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2941393
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3502713_228185_nn