Ledig vikariat som kokk
Nissedal kommune
Treungvegen 398, 3855 Treungen
Om jobben
Stillingstittel
Kokk
Oppstart
1. mai 2023
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, alle dager
Antall stillinger
1
I eining for velferd, Nissedal omsorgssenter, er det ledig eit 60-80% vikariat som faglært kokk.
Stillinga er ledig frå 01.05.23-31.12.23.
Id 2023/343
Nissedal omsorgssenter søkjer etter ein dyktig faglært kokk som skal arbeide med å utvikle gode og næringsrike måltidsopplevingar til glede for bebuarar, og heimebuande som får middagslevering.
Kjøkkenet lagar mat til 15 institusjonsbebuarar, og leverar middag til 10-15 heimebuande tre dagar i veka.
Det er to tilsette på jobb dei fleste vekedagar og ein tilsett i helgene.
Kjøkkenet har eit nært samarbeid med pleieavdelingane i forhold til å lage tilpassa mat og etterkome ynskje.
Ein ser på Kok -- kjøl system for å gjere kjøkkenet mindre sårbart i feriar o.l. samt at det gjer ein moglegheit for å redusere helge/heilagdagsarbeid på sikt.
Kjøkkenet står også overfor ei stor ombygging, og omsorgssenteret har starta ein kafé for pasientar, pårørande og andre. Eit tilbod som er under utvikling.
Stillinga inneber dagarbeid i vekene og dagarbeid i turnus kvar 3.helg, der du jobbar sjølvstendig.
Kvalifikasjonar:- Institusjonskokk, eller anna relevant utdanning som kokk
- Personar med anna relevant kompetanse/praksis kan og søkje
- Oppteken av god og bra mat i eldreomsorga
- Sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Positiv og fleksibel
- Kreativ og engasjert
- Serviceinnstilt
Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på.
Anna:- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
- Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
- Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
- Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsleiar ved institusjon, Ingerid Homme, tlf. 350 48460/922 15 892
Send søknad på elektronisk søknadsskjema Søknadsfrist: 29.03.2023Om bedriften
Nissedal kommune dekker eit areal på 908 km² og har omlag 1430 innbyggjarar. Nisser, ein av dei største innsjøane i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn. Nissedal har fått namnet sitt frå Nisser, som truleg kjem av gamalnorsk <Nidrsær>, som tyder <Den nedre sjøen>. Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing. I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane. Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2281582
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
2ee7ac97-16f5-47d2-8c31-7711e97525fe