Regnskaps- og lønnskonsulent
Stab, Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Regnskaps- og lønnskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 7. juni
Vi søker deg som er strukturert, grundig og sjølvstendig og som engasjerer deg for regnskap og lønn som fag.
Økonomiavdelinga har ansvar for regnskapsføring, fakturering og innfordring for kommunen og andre offentlege verksemder. Vi har også ansvar for lønn for enkelte mindre verksemder. Lønnsarbeidet blir gjennomført i nært samarbeid med den andre stabsavdelinga som har hovudansvar for lønn og HR/personal. Vi bidreg også med val-gjennomføring og andre stabsfunksjonar. Hausten 2025 byter vi ERP-system (løn, regnskap, HR) til Visma+. Økonomiavdelinga består av fem tilsette og ein økonomisjef. Vi er ei avdeling med eit godt og engasjert fag- og arbeidsmiljø. Vi har kontorstad på kommunehuset Tingvang. Det blir for tida vurdert eit tettare samarbeid innan regnskap og lønn mellom kommunane i Valdres.
Arbeidsoppgåver
- Løpande regnskapsarbeid, kontroll og avstemming
- Årsavslutning
- Lønnsutbetaling kvar månad
- Anna lønnsarbeid, som refusjonskrav sjukepengar, ajourhald lønnssystem, rapporteringar
- Oppfølging og veiledning overfor verksemdene
- Bidra i implementering og vidareutvikling av digitale løysingar og interne rutinar
- Anna arbeid i økonomiavdelinga
Det må påreknast noko ekstraarbeid i periodar, primært i samband med årsoppgjer.
Kvalifikasjonar
- Du må ha økonomibakgrunn, i form av utdanning og/eller erfaring frå regnskskaps- og lønnsarbeid.
- Erfaring frå kommunal/offentleg sektor vil telle positivt.
- Du må vera ein rask og effektiv brukar av digitale fagsystem.
- Du må snakke og skrive godt norsk.
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for faget, arbeider strukturert, nøyaktig, sjølvstendig og er opptatt av kvalitet.
- Du er pliktoppfyllande og lojal.
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Du har høg serviceinnstilling.
- Du er fleksibel og har evne til å tileigne deg kunnskap om nye fagområde.
- Du har evne til å effektivisere og sjå nye måtar å løyse oppgåvene på.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø, med dyktige tilsette og rom for fagleg vekst og utvikling.
- Hyggelege og positive kolleger som gledar seg til å få deg med på laget.
- Nødvendig opplæring og veiledning.
- Fleksitidsordning og gode arbeidsvilkår.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP.
- Nærleik til flotte naturområde, som Beitostølen og Jotunheimen, og gode moglegheiter for jakt og fiske i heile kommunen.
- Rikt organisasjonsliv.
Kontaktinformasjon
Elin Myhre, Økonomisjef, +47 45211972Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4972298110
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Elin Myhre
Økonomisjef
+47 45211972
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2947213
- Hentet fra
talentech
- Referanse
178e052c15ce420b8f26cfa367ecaf68