Forskingsassistent
Høgskulen på Vestlandet
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Forskingsassistent
- Type ansettelse
- Åremål, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledige mellombelse stillingar som forskingsassistentar i forskingsprosjektet Move-play-explore in Early Childhood Education (MoveEarly) ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga:
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen, er det ledig mellombelse stillingar som forskingsassistentar i MoveEarly-prosjektet. Desse stillingane kan vere 5 stillingar á 100% eller ein kombinasjon av fleire stillingar som til saman utgjer inntil 500%, med minimum 40% stilling.
MoveEarly er eit stort forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for å fremme bevegelse, leik og utforsking i barnehagen. Målet er å utvikle ein pedagogisk praksis som sikrar eit rikt miljø for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen, utvikle gode løysingar for kompetanseutvikling for tilsette og undersøke effekten av denne pedagogiske tilnærminga på barns fysiske aktivitet, utvikling, læring og trivsel. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Campus Sogndal. Prosjektet gjennomførast i samarbeid mellom forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking. Prosjektassistentane vil ha sin arbeidsstad / tilknytning i Bergen.
Tilsettingsperioden er 16.03.2026 - 19.06.2026.
Ansvars- og arbeidsområde:
Som forskingsassistent vil du:
- Gjennomføre datainnsamling
- Plotte og kvalitetsvurdere data
- Kommunisere med barnehagar
- Gjennomføre andre oppgåver ved behov
Kvalifikasjonskrav:
Kvalifikasjonskrav:- Bachelorgrad eller tilsvarande godkjent 3-årig høgare utdanning innan idrettsvitskap, barnehagekunnskap, helsefag, folkehelse eller tilsvarande
- Førarkort klasse B
- Flytande skriftleg og munnleg norsk
Personlige egenskaper:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med vaksne og arn
- Evne til å arbeide selvstendig, ta inititiativ, vere fleksibel og løysingsorientert
- Høyt etisk medvet er påkrevd
Følgjande tel positivt:
- Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
- Har erfaring med testing og datainnsamling knytt til fysisk aktivitet, fysisk form, motorikk, sjølv-regulering, akademisk læring, trivsel og/eller kreativitet hjå barn
- Har erfaring med handtering av forskingsdata
- Har erfaring frå arbeid i barnehage
- Kan jobbe 100% stilling i tilsettingsperioden
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne siden.
Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;
- vitnemål
- attesterte kopiar av attestar
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjes ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjere med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor- eller mastergrad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte grader frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meiom ordningea med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar fra HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet/råd ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som forskingsassistent lønast i stillingskode 1429 - Aspirant.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til einkvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjalista blir handsama etter reglane i Offentlighetslova. Søkjarar som har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista, vil bli varsla dersom slik anmodning ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskrifa. Forskrifta kan kome til bruk i handsaming av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
Prosjektleder Eivind Aadland
E-post: eivindaa@hvl.no
Tlf.: 57 67 60 86
Postdoktor Kine Melfald Tveten
E-post: kine. melfald.tveten@hvl.no
Tlf.: 55 58 55 39
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbud. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.
Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er óg ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.
Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir óg undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2ea81df0-dad7-4285-b0c4-4390cdbed261
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273255
Lignende annonser
Forskningsrådgiver
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Stord, Sogndal
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen