Hopp til innhold

Miljøveiledar

Arbeidsgiver

Træet skule, Askøy kommune

Sted

Berlandsvegen 41, 5314 Kjerrgarden

Om jobben

Oppstart
12. august 2026
Stillingstittel
Miljøveileder
Type ansettelse
Fast, deltid 64%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 4. juni

Draumejobb for miljøveiledar: fri alle kveldar, helgar og skuleferiar!

Vil du jobbe tett på elevane i landlege omgjevnader, i eit miljø prega av null mobbing og høg trivsel? Då er dette stillinga for deg.
Ved Træet skule søkjer vi no etter ein engasjert miljøveiledar som vil vere med på laget vårt. Vi er ein skule med ca. 100 elevar, som ligg idyllisk til med naturen som næraste nabo. Hos oss blir du ein synleg og verdsett del av fellesskapet. Vi inviterer deg inn i eit trygt og oversiktleg miljø der relasjonane er nære, og der din innsats verkeleg betyr noko for heilskapen.

Kvifor velje oss?
Det unike med denne stillinga er komprimert arbeidstid. Det betyr at du jobbar når elevane er på skulen, men har fri alle kveldar, helgar og i alle skuleferiar (haust-, jule-, vinter-, påske- og sommarferie). Dette gir ein fantastisk balanse mellom jobb og fritid! Stillingsstorleik og arbeidstid: Stillinga er på 64 %, noko som svarer til ei arbeidsveke på 27 timar. Arbeidstida er fordelt på 5 dagar i veka i totalt 39 veker i året. Resten av året har du fri.

Vi er stolte av skulen vår:
Naturen som klasserom: Med skogen rett utanfor døra brukar vi omgjevnadene aktivt. Uteskule er ein viktig del av kvardagen vår, noko som gir rom for læring, leik og meistring på andre arenaer enn berre i klasserommet.

Tverrfagleg styrke:
Vi trur at vi blir best saman. Hos oss jobbar miljøveiledar, lærarar og fagarbeidarar tett saman i det daglege. Vi verdset kompetansen din og ser på tverrfagleg samarbeid som nøkkelen til god oppfølging.
Elevundersøkinga stadfestar at elevane våre trivst svært godt, og vi har null mobbing.

Fagleg sterkt miljø:
Vi er ein Olweus-sertifisert skule og jobbar systematisk etter LUP (Lærings- og utviklingsstøttande pedagogikk).
Med berre 100 elevar får du høve til å byggje ekte relasjonar og vere tett på. Her forsvinn ingen i mengda.

Godt arbeidsmiljø:
Vi har eit dyktig personale med høg kompetanse som tek vare på kvarandre. Vi ler mykje og er opptekne av at det skal vere godt å kome på jobb

Arbeidsoppgaver

  • Sikre ein oversiktlig og trygg skulekvardag for elevar med særskilte behov gjennom struktur og visuelle støttesystem.
  • Leggje til rette for meistring, læring og sosial inkludering i klasserommet og i friminutta.
  • Jobbe aktivt med inkluderande fellesskap i tråd med LUP og Olweus-programmet.
  • Tett samarbeid med føresette, lærarar og interne og eksterne faginstansar.

Kvalifikasjoner

  • Ønskeleg med relevant 3-årig pedagogisk eller -helsefagleg  høgskuleutdanning, til dømes vernepleiar, barnehagelærar,spesialpedagog etc.
  • Søkarar med anna relevant utdanning til dømas barne og-ungdomsarbeidar og helsefagarbeidar kan verte vurderte..
  • God relasjonskompetanse og evne til å bevare roen i krevande situasjonar.
  • Søkarar må meistre norsk munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B
Det gjøres oppmerksom på at det vil bli krevd politiattest ved ansettelse. Politiattesten skal ikke legges ved søknadspapirene, men fremlegges før tiltredelse

Personlige egenskaper

  • Vi leitar etter deg som har mykje å bidra med i eit tverrfagleg team.
  • Du må vere punktleg, ha gode samarbeidsferdigheiter, vere påliteleg og ha eit brennande engasjement for utviklinga til elevane.
  • Personleg eignaheit vil verte tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb med stor påverknadskraft på skulekvardagen til elevane våre.
  • Ein oversiktlig arbeidsbeskrivelse med fri i alle skuleferiar.
  • Grundig opplæring og rettleiing i dei spesifikke behova til elevane.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø på Træet skule, prega av fagleg fokus og gode relasjonar.
  • Lønn etter gjeldende avtaleverk
  • Gode pensjonsordninger
  • Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring

Generelle opplysninger: I henhold til offentlighetsloven §25, 2. ledd kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om å ikke bli oppført på søkerlisten. Dersom ønsket ikke etterkommes, vil søkeren bli varslet om dette før søkerliste utarbeides.

Eventuelle vitnemål og attester skal legges inn som vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Aina Waage, Konstituert rektor, +47 56 15 55 77

Arbeidssted

Berlandsvegen 41
5314 Kjerrgarden

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Askøy kommune

Referansenr.: 5132246584
Stillingsprosent: 64%
Fast
Startdato: 12.08.2026
Søknadsfrist: 04.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Aina Waage

Konstituert rektor

+47 56 15 55 77

Om bedriften

Raus – interessert – modig - kompetent

Askøy kommune er med våre rundt 30.000 innbyggere og 2000 medarbeidere en av de største kommunene og arbeidsplassene i Vestland fylke. Askøy ligger nordvest for Bergen, og det tar kun 15 minutter å kjøre fra Bergen sentrum til kommunesenteret Kleppestø. Det er også enkelt å reise kollektivt med hurtigbåt eller buss.

Sammen jobber vi for å gi øyens innbyggere et godt bomiljø med gode helse- og velferdstjenester, oppvekst- og utdanningsmuligheter, og kultur- og fritidstilbud.

For at vi skal kunne løse oppgavene våre best mulig trenger vi medarbeidere med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiver. Vi ser på mangfold som en styrke, og oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2ea3610a-df95-49cb-9683-5cdd65080574

Sist endret

21. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cca8cc7718bb4403b0b64175e3aae93a

Lignende annonser

Laster lignende annonser