Teknikar/Ingeniør
Tele og Signal, Helse Vest IKT
Naustdalsvegen 5, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Teknikar/ ingeniør tele og signal
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 28. april
Helse Vest IKT søkar teknikar eller ingeniør til arbeid med service og vedlikehald på Helse Vest sitt telefoni-, audio-/video- og pasientvarslingsutstyr. Helse Vest IKT er sjukehusa sin totalleverandør av IT og kommunikasjon, og har eit av dei mest komplekse infrastrukturane på Vestlandet. Med over 30 000 sluttbrukarar, og høg kritikalitet, kan vi love at det ikkje vert kjedelege kvardagar i næraste framtid.
Du vil gå inn i ein seksjon med 26 fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Arbeidsstad: Førde
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av tele-, audio-/video- og pasientvarslingsinstallasjonar.
- Følge opp reparasjonar og garanti mot leverandørar.
- Prosjektarbeid.
Kvalifikasjonar
- Fordel med kunnskap om smarttelefoni og mobiladministrasjonsverktøy.
- Fordel med erfaring frå drift og vedlikehald av pasientvarslingsanlegg.
- Fordel med erfaring frå drift og vedlikehald audio-/videoanlegg.
- Ynskjeleg med fagbrev innan IKT-servicefag eller dataelektronikarfaget.
- Du er kjent og komfortabel med data som arbeidsverktøy.
- Du beherskar norsk skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, initiativrik, resultat- og målorientert.
- Du arbeider sjølvstendig, men samarbeider godt med andre når situasjonen krev det.
- Du er løysningsorientert.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Vi ønsker ein som likar å sette seg inn i nye ting, og som tør å ta ansvar for saker som er litt utanfor kompetanseområdet.
Vi tilbyr
- Interessante oppgåver med moglegheit til fagleg og personleg utvikling.
- Vere med å forme framtidsretta IKT-løysingar innan helse.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid.
- Godt sosialt arbeidsmiljø.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Atle Knudsen, Seksjonsleiar, +47 90120934Arbeidsstad
Naustdalsvegen 56800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4950987710
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Atle Knudsen
Seksjonsleiar
+47 90120934
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2922705
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b5f07cb8914c4866b2d5231c77c8ce09