Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Eggesbøtun/1:1

Sted

Sjukeheimsvegen 5, 6092 Fosnavåg

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 14. oktober

Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som mottek helse og omsorgstenester frå seksjon Eggesbøtun?
Vår kollega skal ut i permisjon, og vi søker difor ein engasjert og dyktig sjukepleiar i 100 % vikariat fram til medio april 2028.

Eggesbøtun ligg ved omsorgssenteret på Eggesbønes og består av 15 bustader i bufellesskap med heildøgnsbemanning. I tillegg omfattar tenesta 12 bustader ved Eldretun med delvis bemanning. Her møter du bebuarar med ulike behov og livshistorier, og du blir ein del av eit fagleg sterkt og omsorgsfullt arbeidsmiljø.
Vi arbeider kvar dag for å gi individuelt tilpassa og framtidsretta tenester av høg kvalitet. Målet vårt er at bebuarane skal få nødvendig helsehjelp, omsorg og støtte, samtidig som dei får leve så sjølvstendige og meiningsfulle liv som mogleg. Vi legg vekt på å styrkje den enkelte sine eigne ressursar, fremje meistring og bidra til tryggleik og livskvalitet i kvardagen. 

Vi ser etter deg som trivst med faglege utfordringar, har eit løysingsorientert blikk og tek ansvar når situasjonen krev det. Du samarbeider godt med andre, ser moglegheiter framfor avgrensingar og ønskjer å vere med på å vidareutvikle gode tenester for brukarane våre.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø, der du samarbeider tett med heimetenesta og andre tenester i kommunen for å finne gode løysingar og sikre heilskaplege tenester for bebuarane. Hos oss får du vere med på å gjere ein forskjell kvar dag – for bebuarane, pårørande og kollegaene dine. Kanskje er du den vi ser etter?

Stillinga inngår i todelt turnus etter årsplan med arbeid kvar tredje helg.


Arbeidsoppgåver

  • individtilpassa pleie- og omsorgsoppgåver
  • kliniske observasjonar, vurderingar og sjukepleiefagleg oppfølging av bebuarar
  • handtering av akutte situsjonar og kliniske problemstillingar
  • følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
  • fagleg ansvar for legemiddelhandtering
  • utarbeide, evaluere og følge opp tiltaksplanar
  • dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk
  • rettleie og gi faglig støtte til kollegaer, elevar og studentar
  • samarbeide med heimeteneste, fastlege og andre interne og ekstrerne samarbeidspartnerar
  • rettleie og samarbeide med pårørande
  • bidra til å fremje meistring, sjølvstende og aktive kvardagar for bebuarane

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • erfaring frå arbeid i sjukeheim/heildøgnsbemanna omsorgsbustad kan vere ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy (erfaring med Gerica er ein fordel)
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Autorisasjon og politattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • likar faglege utfordringar og er opptatt av å utvikle gode tenester
  • er strukturert, sjølvstendig og evnar å prioritere arbeidsoppgåver
  • kommuniserer klart og tydeleg både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
  • møter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, også i krevjande situasjonar
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen ved blant anna å motivere, rettleie og engasjere kollegaer
  • gode samarbeids- og relasjonseigenskapar
  • kan bidra til godt samarbeid på tvers av seksjonane 
  • har fokus på heilskapleg pasientforløp

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP
  • fagdag i turnus 
  • stipendordningar ved vidareutdanning som er i tråd med kompetanseplanen i helse og meistring
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • digitale kurs gjennom Glup og Visma Veilederen
  • IA- bedrift

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.  

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Kontaktinformasjon

Margrethe Djupvik, Seksjonsleiar

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5
6092 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5182008833
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 14.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Margrethe Djupvik

Seksjonsleiar

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2e7ab251-77ac-4abf-987e-89c15507af64

Sist endret

24. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8b3f5845f89946c486a2ef38126a3989

Lignende annonser

Laster lignende annonser