Hopp til innhold

Vil du vere med å forme og kvalitetssikre prosessen med ombygging av Fjord1 sine hurtigbåtar?

Arbeidsgiver

Fjord1 - Prosjektavdeling, Fjord1 AS

Sted

Strandavegen 15, 6905 Florø

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Byggjetilsyn
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vi søkjer fagpersonell til byggjetilsyn i samband med ombygging av fartøy ved verft i Sunnfjord/Nordfjord!

Har du  bakgrunn som maskinist, nautikar eller anna teknisk kompetanse og prosjekterfaring som er relevant for byggetilsyn? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

For kandidatar med maritime sertifikat og solid erfaring frå sjø, kan prosjektet opne for overgang til stilling på eit av rederiets fartøy etter leveranse.  

Vi vurderer også samarbeid med kompetente byggetilsynsressursar gjennom innleige.

Prosjektet er tidsavgrensa med ombygging og vedlikehald som varer til hausten 2026. Du får jobbe tett på verft og vere ein del av eit kompetent team med prosjektleiar, nautikar og maskinist.
Det skal gjerast arbeid med innreiingsarbeid, utrustningsarbeid og vedlikehaldsjobbar.

Tiltreding i engasjement ved byggjetilsyn er snarast råd med varigheit til siste fartøy er levert frå verft hausten 2026. I engasjementet vil arbeidsstaden vere ved verft i Sunnfjord og/eller Nordfjord, samt noko tid på hovudkontoret i Florø. Dagpendling frå tettstadar som Florø, Førde, Eikefjord, Sandane, Svelgen med meir let seg gjere. Vi tek eit atterhald på endra verftslokasjon.

Arbeidsordning:

Under byggjeperiode: Normal arbeidstid
I eventuell drift: Som skiftordninga på aktuelt fartøy

Ta kontakt for å høyre meir eller send oss din søknad!


Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp at fartøya blir ombygd i samsvar med kontrakt, teikningar og spesifikasjonar
  • Dagleg kommunikasjon med verft og følge opp noko administrativt
  • Kontroll av teikningar og annan dokumentasjon
  • Etablering/oppdatering av vedlikehaldsdatabase og styrande dokument
  • Inspeksjon og kvalitetskontroll
  • Deltaking under testing, oppstart og prøveturar
  • Bidra til erfaringsoverføring til andre prosjekt

Vi ser etter deg som 

  • Enten har bakgrunn som maskinist eller nautikar med erfaring frå hurtigbåt
  • Eller innehar anna relevant utdanning og erfaring frå design, verfts- eller utstyrsleverandørar, gjerne knytt til hurtigbåtar
  • Meistrar å nytte engelsk som arbeidsspråk,  då mykje av dokumentasjonen er på engelsk
  • Har jobba i prosjekt med fartøy gjennom verftsopphald, det vil vere ein fordel, men ikkje noko krav
  • Er generelt god på å nytte dagens datateknologi som verktøy

I tillegg verdset vi at du

  • Har ei systematisk arbeidsform
  • Er ansvarleg som person
  • Framstår fleksibel og løysingsorientert 
  • Har evne til å arbeide i team
  • Ønskjer å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar 

Dette får du hos oss

  • Ei viktig rolle i eit av landets leiande fergeselskap
  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle ein viktig del av Fjord1 si drift
  • Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med god kultur for samarbeid
  • Utviklingsmoglegheiter både fagleg og personleg, i ein stor og trygg organisasjon
  • Marknadens beste ordningar for forsikring og pensjon?
  • Ei vidare karriere i reiarlaget som seglande personell, dersom ynskje og med rette kvalifikasjonar 

Kontaktinformasjon

Øystein Bang-olsen, Prosjektleiar, 99443520, oystein.bang-olsen@fjord1.no
Svein Arne Torvanger, Leiar Nybygg, +47 97006382, svein.arne.torvanger@fjord1.no

Arbeidsstad

Strandavegen 15
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5037710231
Søknadsfrist: 10.12.2025

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2e5484df-4b27-4c8d-a83a-e5abdf5470e6

Sist endret

11. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

9087f7b32fe64a8eb204d7c09ef0ed10

Lignende annonser

Laster lignende annonser