Bioingeniør med sans for IKT – søk og bli vår nye fagansvarlege!
Immunologi og transfusjonsmedisin, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør, fagansvarleg IKT
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. september
Vi ser etter deg som er ryddig og grundig, men også nysgjerrig og praktisk anlagt. Du har evne til å halde oversikt i eit mangfaldig fagfelt, samtidig som du får auge for detaljane som sikrar kvalitet. Når utfordringar oppstår, møter du dei med ro og nøyaktigheit – og du likar å finne smarte løysingar saman med kollegaene dine.
Hos oss verdset vi kvalitet i arbeidet vårt, og seksjonen er akkreditert etter ISO-standard 15189. Dette er eit spennande fagfelt med varierte oppgåver. Vi nyttar ProSang til transfusjonsmedisin og Unilab til immunologi.
Som fagansvarleg IKT blir du ein del av leiarteamet – med ei sjølvstendig rolle i IKT-arbeidet og eit ansvar som verkeleg gjer ein forskjell.
👉 Klar for å ta steget? Søk no – vi gler oss til å bli kjent med deg!
Ved intern tilsetjing kan det bli ledig fast stilling innan same fagområde. Skriv gjerne i søknaden om du ønskjer å bli vurdert til dette. Vi kallar inn kandidatar til intervju fortløpande. Oppstartsdato avtaler vi saman – vi ser gjerne at du kan starte så snart som mogleg.
Kva går jobben ut på?
Som fagansvarleg IKT hos oss vil du:
- Gi brukarstøtte, dokumentere og koordinere laboratorieinformasjonssystema med tilhøyrande mellomvarer.
- Overvake, teste, rette feil og bidra til utvikling og integrasjon mot andre IKT-system.
- Sørgje for nødvendige prosedyrar, opplæringsplanar og rettleiing av kollegaer, nytilsette og studentar.
- Fremje brukarane sine behov, vere rådgivar for leiinga og bindeledd mellom seksjonen og interne/eksterne IKT-partnarar.
- Delta aktivt i kurs, fagmøte og internundervisning – og samarbeide tett med andre IKT-ressursar både lokalt og regionalt.
- Bidra i seksjonen sine daglege rutinar ved behov.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Kunnskap og erfaring innen immunologi og transfusjonsmedisin vil bli vektlagt
- Ferdigheiter og erfaring innen IKT vil bli vektlagt
- Interesse for IKT og kunne tilegne seg kunnskap gjennom grundig opplæring
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlig egnethet vil bli vektlagt
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg miljø, og held roen sjølv når tempoet er høgt
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø, og støttar kollegaene dine
- har gode vurderingsevner, jobbar nøyaktig og tek ansvar for kvalitet i oppgåvene
- er påliteleg og til å stole på
- ser kva som må gjerast, og tilbyr gjerne hjelp – samtidig som du tek imot støtte frå andre
- tilpassar deg endringar lett, og finn løysingar når nye utfordringar dukkar opp
- har kapasitet til å stå i krevjande situasjonar utan å miste oversikta
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ein spennande jobb i eit variert fagfelt med mykje utvikling.
- Jobba i moderne lokale i heilt nytt laboratorium, med topp fasilitetar.
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre.
- Høve til å vere del av leiarteamet og ha eit sjølvstendig ansvar.
- Tryggleik i at vi er akkreditert etter ISO 15189 og set kvalitet høgt.
Kontaktinformasjon
Anita Larsen, Funksjonsleder, +47 52732280, anita.larsen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5006962857
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 08.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2e4ef597-cac6-48c7-a1ab-fbb419baf058
- Hentet fra
talentech
- Referanse
833c52aa24f44a52a51b5162d71fe7d8