Overingeniør/senioringeniør - kjemikalieseksjonen
Miljødirektoratet
Grensesvingen 7, 0661 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Overingeniør/senioringeniør i kjemikalieseksjonen
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. april
Om stillinga
Er du interessert i offentleg forvaltning og regulering av kjemikaliar? Vi ser etter deg som er motivert til å bidra både i forvaltningsprosessar og faglege vurderingar av biocid. Er du ein som liker å få ting gjort og finn glede i å løyse oppgåver på ein effektiv måte? Har du interesse for digitale verktøy og ønskjer å bruke desse til å jobbe smartare? Ønskjer du ei fast stilling innanfor eit spennande fagområde? Då bør du søkje!
Kjemikalieseksjonen er ein av åtte seksjonar i avdeling for Avfall, kjemikaliar og tilsyn i Miljødirektoratet. Seksjonen har blant anna ansvaret for EUs biocidregelverk og godkjenner biocidaktive stoff og biocidprodukt etter ei grundig vurdering. Biocid er kjemiske eller mikrobiologiske produkt som blir nytta til kamp mot uønskte organismar. Biocida kan vere skadelege for menneske og miljø, og må gjennom ei grundig risikovurdering før dei kan godkjennast for bruk.
Seksjonen har 16 dyktige medarbeidarar og held til på Helsfyr i Oslo.
Dette er noko av det du vil jobbe med
- saksbehandling knytt til søknader om godkjenning av biocidprodukt
- rettleiing i biocidregelverket
- gjennomføring av endringar i den felleseuropeiske biocidforordninga
- oppgåver knytte til forvaltning av biocidregelverket
- vurdering av biocids effektivitet, fysikalsk-kjemiske eller miljøtoksikologiske eigenskapar
- delta i dei andre oppgåvene til seksjonen og arbeid med andre kjemikalieregelverk ved behov
Kompetansekrav
For å lykkast i denne jobben- Har du utdanning på minimum bachelornivå innan naturvitskap, fortrinnsvis biologi eller kjemi. Nyutdanna blir oppmoda til å søkje stillinga.
- interesse for offentleg forvaltning og kjemikalieregelverk
- svært god skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
Det er ønskjeleg med:
- kjennskap til, eller har erfaring med EU/EØS-prosessar og relevant regelverk
- kjennskap til, eller har erfaring frå forvaltninga
- digital kompetanse om effektivisering og automatisering av ulike prosessar
- erfaring med bruk av kunstig intelligens
- lærer du raskt og tek initiativ til å løyse oppgåver på ein effektiv måte
- jobbar du strukturert og ryddig, og leverer gode resultat til avtalt tid
- er du open for endringar og har fokus på forbetringar og løysingar
- er du positiv, viser engasjement og er god til å samarbeide med andre
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Fast stilling med lønn som overingeniør/senioringeniør frå kr. 580 000 - kr 740 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare.
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
- moglegheit for avtale om heimekontor inntil 2 dagar i veka
- nyoppussa kontorlokale på Helsfyr og kantine med høg kvalitet
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Anne Line Filtvedt, tlf. 932 89 568 eller e-post: anne.line.filtvedt@miljodir.no
Ved førespurnader, oppgi referansenummer 22-2026 AKS
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Sjå alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2e40ee11-007a-48bc-8407-5956b64a7ae8
- Sist endret
23. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10288153