Helgestilling for sjukepleiar
Medisinsk observasjonspost, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Oppstart
- 10. august 2026
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 15%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Hos oss får du verdifull erfaring med pasientar som treng tett observasjon, behandling og oppfølging. Medisinsk observasjonspost har 8 senger og 4 behandlingsstolar, og vi tek imot pasientar frå 12 år og oppover med uavklarte medisinske problemstillingar.
Pasientane kan til dømes ha brystsmerter, mistanke om hjartrytmeforstyrring, behov for observasjon i samband med undersøking, intoksikasjon eller andre akutte medisinske forløp. Posten har kort liggjetid og stort pasientomløp gjennom døgnet.
Dette er ei stilling der du får lære mykje, jobbe tett med erfarne kollegaer og bli tryggare i møte med pasientar som treng rask vurdering og god oppfølging.
👉 Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt ved Medisinsk observasjonspost. Søk gjerne – vi ser fram til å bli betre kjent med deg.
Kva går jobben ut på?
Hos oss vil du mellom anna:
- gi pleie og oppfølging til innlagde og polikliniske pasientar med behov for behandling og observasjon
- delta i pasientforløpet i samarbeid med sjukepleiarar, legar og andre faggrupper
- observere, rapportere og bidra til trygg pasientbehandling
- bidra i rettleiing av studentar og nye kollegaer, ut frå di eiga erfaring og rolle
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert sjukepleiar
- Ønskeleg med sjukehuserfaring/relevant klinisk erfaring
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- samarbeider godt og bidreg til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- er ansvarsbevisst og klarer å prioritere når det skjer mykje
- arbeider sjølvstendig, men spør om hjelp når du treng det
- tek initiativ og viser engasjement i møte med pasientar og kollegaer
- møter pasientar med ro, respekt og interesse
Personlege eigenskaper vil bli vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
- ei helgestilling med mykje læring og brei medisinsk erfaring
- tett samarbeid med erfarne sjukepleiarar og andre faggrupper
- ein arbeidsplass med stort fagleg spenn og varierte arbeidsoppgåver
- eit miljø som er i utvikling, der vi jobbar saman for å gi god og trygg pasientbehandling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frank Terje Hauge, Funksjonsleiar, 91638926, Frank.Terje.Hauge@helse-fonna.noDoreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.hallelan@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5137145664
Stillingsprosent: 15%
Vikariat
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 12.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2e24345d-6650-4fc1-8333-743f701b82ea
- Sist endret
8. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6e8aa989e865477799dee4160ca039f8