Lærar i realfag, vikariat
FLO - FLORA VGS, Vestland fylkeskommune
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i realfag, vikariat
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag.
Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på www.flora.vgs.no.
Frå 01.08.2025 har vi ledig 100% stilling som vikar i realfag skuleåret 2025-2026.
Søknadsfrist 25.04.2025.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i matematikk, naturfag og andre relevante realfag etter kompetanse og skulen sine behov.
- Delta i profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen.
- Bidra i fag- og avdelingssamarbeid.
- Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver
Kvalifikasjonar
- Relevant undervisningskompetanse i matematikk, naturfag og andre aktuelle realfag.
- Kompetanse i pedagogisk bruk av digitale verktøy.
- Didaktisk og pedagogisk kompetanse til å møte ulike elevar og evne til å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar.
- Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Positiv og engasjert.
- Fagleg og pedagogisk oppdatert.
- God på relasjonsbygging og klasseleiing.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Utviklingsorientert og evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning.
- Eit elevsyn som ser høve til vekst og læring hjå alle elevar.
- Lojal mot vedtekne avgjerder.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte arbeidsoppgåver.
Andre opplysningar:
Alle attestar og vitnemål må leggast ved søknaden.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Merk at alle stillingar ved skulen vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igangsett og overtalshandsaming i fylkeskommunen.
For meir informasjon om stillinga kontakt konstituert rektor Lars Anders Nybu tlf. 41 53 06 04 eller avdelingsleiar for realfag Siri Bakke Heggø tlf. 97 59 34 33.
Søknadsfrist: 25.04.25
Kontaktinformasjon
Lars Anders Nybu, Rektor ( vikariat)Arbeidsstad
Professor Gjeldsviksv 226900 FLORØ
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4949700616
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 25.04.2025
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2909045
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6e80456d4dd04ae3b8e718f38bcd9c87