Spesialkonsulent/rådgjevar
KFO - Ikkje offentleg arkiv, Vestland fylkeskommune
Askedalen 2, 6863 Leikanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Spesialkonsulent/rådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 11. september
Vi har ledig mellombels 100% stilling som arkivar, med oppgåver innan vern og digital tilgjengeleggjering av privatarkiv, med varigheit ut oktober 2026. Stillinga er dels eit vikariat og dels eit prosjektengasjement, og det kan bli høve til forlenging av stillinga.
Som vår nye medarbeidar vil du få varierte oppgåver både knytt til dagleg drift og prosjekta «Kulturgeografisk registrering – eit Vestlandsarkiv» og «Bevaringsplan for Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane».
Vestland fylkeskommune forvaltar omfattande mengder privatarkiv og anna kulturhistorisk dokumentasjon frå Vestland. I tillegg har vi også ei rolle som regionalt koordinerande organ for privatarkivarbeidet i fylket, leiar regionale fagnettverk og utarbeidar planar for feltet. Vi samarbeider tett med frivillig sektor, kommunar og museum i bevaringsarbeidet, og legg stor vekt på å utvikle gode digitale tenester til brukarane våre.
Fylkeskommune er vertskap for oppgåvefellesskapet Kommunearkivordninga i Vestland (KAV), og du vil bli del av ein arkivseksjon med til saman over 20 tilsette som arbeidar for å bevare og formidle ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.
Arbeidsoppgåver
- Ordne og katalogisere arkivet Kulturgeografisk registrering, samt andre privatarkiv frå fylket
- Utarbeide ein bevaringsplan for Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane
- Mediekonvertering/skanning av arkiv
- Framfinning av arkiv og handsaming av førespurnader
- Formidling og digital tilgjengeleggjering av arkiv
Det kan også bli aktuelt at den som vert tilsett i stillinga får andre oppgåver knytt til dagleg drift på eininga, som mellom anna oppgåver innan synfaring, flytting og mottak av arkiv og vern av elektronisk skapte arkiv.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig grad frå universitet eller høgskule. Relevante fag er til dømes arkiv, historie, kulturvitskap, samfunnsvitskap, informasjonsvitskap med fleire.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer
- God digital kompetanse
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Det er fint om du også har:
- Tidlegare arbeidserfaring frå og kunnskap om arkivsektoren
- Erfaring med programvare og nasjonale fellesløysingar for arkiv, som Asta, Arkivportalen og Digitalarkivet
- Erfaring med offentleg sakshandsaming
- Interesse for arbeid med arkiv og kulturhistorie
- Førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
Vi er på jakt etter deg som likar å arbeide sjølvstendig, effektivt og målretta over tid. Du har sans for systematikk og gode analytiske evner.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og avtale. Den som vert tilsett vert innplassert i stillingskode avhengig av utdanning og erfaring jf. lov- og avtaleverk.
- Gode forsikrings og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
Kontaktinformasjon
Elin Storøstevik, leiar, 97653607Arbeidsstad
Askedalen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5008365174
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 11.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Elin Storøstevik
leiar
97653607
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2e0587bf-00dd-4526-b0b8-1982bd48930c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f19a0add182e4dae9b87a9d234d5ab6c