ID 1001 Avdelingsleiar på barnetrinnet 100% fast stilling – Rimabareid barne- og ungdomskule
Rimbareid Barne- Og Ungdomsskule
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsansvarlig
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Rimbareid barne- og ungdomsskule er ein 1. -- 10. skule med om lag 360 elevar. Han ligg flott til på Rimbareid i Fitjar med utsikt over store delar av bygda. Skulen står fram som attraktiv med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde.
Rimbareid skule skal vere ein inkluderande skule, der alle kjenner at dei høyrer til. Me strekk oss etter å stimulere elevane si nysgjerrigheit, lærelyst og meistringsglede gjennom tilrettelagt, utforskande og praktisk undervisning.
Me søkjer ein engasjert, dyktig og inspirerande avdelingsleiar til barnetrinnet på skulen. Som avdelingsleiar vil du vera ein del av leiargruppa ved skulen, saman med rektor og dei to andre avdelingsleiarane. Du vil ha ei sentral rolle i utviklinga av skulen, elevane og personalet, og du vil vere ein viktig bidragsytar til eit positivt læringsmiljø og eit godt samarbeid mellom heim og skule. Vi ser etter ein motivert person som vil vere med på å forme framtidas skule på Rimbareid.
Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for følgjande arbeidsoppgåver:-
Leie og organisere avdelinga med fokus på pedagogisk utvikling og måloppnåing.
-
Planlegge, gjennomføre og følgje opp pedagogiske tiltak for elevane på avdelinga.
-
Sikre tett oppfølging av elevar med spesielle behov.
-
Følgje opp og støtte lærarane i deira daglege arbeid, inkludert fagleg rettleiing og kompetanseutvikling.
-
Samarbeide tett med skulen si leiing, foreldre og andre aktørar for å skape eit godt læringsmiljø.
-
Delta aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid og bidra til å realisere skulen sin pedagogiske visjon.
-
Bidra til eit inkluderande og trygt skulemiljø.
-
Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innan pedagogikk.
-
Evne til å motivere og inspirere både elevane og personalet.
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
-
Kjennskap til skulens læreplan og gjeldande lover og forskrifter innanfor skoleområdet.
-
God IKT kompetanse
-
Ønskjeleg med leiarerfaring eller leiarutdanning.
-
Engasjement for elevane sine resultat og trivsel.
-
Fleksibilitet og evne til å handtere utfordringar på ein konstruktiv måte.
-
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
-
Gode mellommenneskelege ferdigheiter.
-
Positiv haldning og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø.
-
Du har eit varmt og inkluderande menneskesyn
-
Ei spennande leiarstilling i ein kommune som legg vekt på utvikling og kvalitet i skulen.
-
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
-
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
-
Konkurransedyktige lønnsvilkår og pensjonsordningar.
Send søknad og CV elektronisk via vårt søknadssystem [lenke til søknadssystemet].
Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert etterspurt i samband med innkalling til intervju.
Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova §17-11.
Fitjar kommune praktiserer likestillingspolitikk og ynskjer søkarar uavhengig av kjønn, alder og bakgrunn.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med rektor Trude Mathiesen, tlf. 470 18 230 eller kommunalsjef André Sæthre, tlf. 400 43 230.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Rimbareid skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Fitjar kommune med 360 elevar, frå 1.-10.kl. Her er i alt 60 tilsette. SFO har 90 elevar og 8 tilsette.
Rimbareid skule er sentralskulen i bygda og ligg fint plassert høgt i terrenget opp mot Klostergarden og Rimsvarden. Her er utsikt over bygda og utover sjøen mot ope hav.
På Rimbareid skule jobbar me for å ha eit inkluderande læringsmiljø, slik at alle elevar og tilsette kan utvikla seg fagleg og sosialt. Me ser på alle elevane våre som unike og verdfulle individ . Me syner difor elevane respekt gjennom å møta elevane der dei er, støtta dei, rettleia og ha forventningar til dei.
Rimbareid skule blei i 2014 ferdigstilla etter ombygging. Den fekk ei ny fløy med nye klasserom, kantine, læringssenter, amfi, spesialrom for naturfag /mat og helse og nytt personalrom.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931319
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
2e0498f0-f2cb-4abd-b490-82bf9fa79cc9