Vi søkjer engasjert sjukepleiar til fast stilling
Medisinsk sengepost 2, Helse Førde
svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. september
Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har eit fagleg engasjement og ønskje om å bidra til god kvalitet i tenestene våre.
Medisinsk sengepost 1 og 2 har nyleg flytta inn i nytt og moderne sjukehus. Medisinsk sengepost 2 har mage/tarm, lunge, lungekreft & utgreiing som spesialisert fagfelt. Medisinsk sengepost 1 har har nyre, diabetes & endokrinologi, og hjartesjukdommar som spesialiserte fagfelt. Vi samarbeidar tett med kvarandre.
Her vil du få oppleve ein kvardag med mykje variasjon, eit mangfald av kollegaer som du kan spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager. Arbeidet er pasientrelatert med oppfølging av behandling, stell og pleie. Vi har 3-delt turnus og ein må kunne jobbe i det.
Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet.
Stillinga har 30% andel fellesvakter, som betyr at ein må kunne jobbe fleksibelt mellom andre avdelingar når det er behov for det.
Kvalifikasjonar
Søkjar må vere autorisert sjukepleiar. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid frå tidlegare, men ikkje påkrevd. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt norsk både skriftleg og munnleg.
Søkjar med relevant erfaring og vidareutdanning vil bli prioritert
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ein av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Vi tilbyr
Medisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt som julebord, sommarfest og blå-tur.
Medisinsk sengepost ønskjer å komme i gang med langvakter og vil tilby dette til dei som ønskjer det.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anne Mari Indrebø, 578 39 411, anne.mari.indrebo@helse-forde.noArbeidsstad
svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4985618824
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2e01c530-694e-4911-ad12-ec6da32932ff
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b5208094558843458642e11c58ab0152