Hopp til innhold

Byggesaksbehandlar

Arbeidsgiver

Klepp kommune

Sted

4353 Klepp Stasjon

Om jobben

Stillingstittel
Byggesaksbehandlar
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. februar

Byggesaksbehandlar

Plan og forvaltning har fagområda byggesak, plan, geodata og landbruk, til saman 17 årsverk. Innan fagområde byggesak er det fire årsverk. Faggruppa har ansvar for byggesaksbehandling og tilsyn etter plan- og bygningslova.

Me bruker Elements eByggesak, og jobber aktivt for å forenkla og effektivisera byggesaksbehandlinga og kvardagen for byggesaksbehandlarane.

Me søkjer etter deg som i tillegg til faglege kvalifikasjonar, kan ha ambisjonar om å få til ei smidig, effektiv og fagleg god saksbehandling til beste for våre innbyggarar og samfunnet.

Me held til rett ved Øksnevadporten stasjon, 24 minuttars togtur frå Stavanger. I november vil me flytta inn i nyrenovert rådhus i Kleppe sentrum.

Arbeidsoppgåver
  • Du vil vere saksbehandlar for bygge- og delingssaker.
  • Du skal sørga for at byggesaksbehandlinga har ein høg fagleg standard.
  • Du skal bidra til eit godt samarbeid og god dialog med innbyggjare, byggebransje og interne avdelingar
  • Du skal bidra til vidareutvikling av avdelinga
Kvalifikasjonar
  • Du har relevant høgare utdanning.
  • Du bør ha relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor
  • Du bør ha god kjennskap og erfaring med byggesaksbehandling
  • Du har gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg.
  • Du har gode datakunnskapar.

Ved tilsetting vil personlege eigenskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt, og det er ønskjeleg at søkar utfyller kompetansen som allereie finst i faggruppa.

Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

 

Personlege eigenskaparMe arbeider tett med kvarandre, andre avdelingar i kommunen, myndigheiter, utbyggarar, konsulentar, naboar mm.
Det er difor viktig at du har gode samarbeidsevner, er konstruktiv og serviceinnstilt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.

Vi tilbyr
  • Spennande og varierte oppgåver med rom for fagleg utvikling.
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig lønn.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar ((https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
  • Gratis parkering
  • Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tidar
  • Bedriftskunstforening
  • Ordning med refusjon for behandlingar hos fysioterapeut og kiropraktor

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar.Løn i samsvar med lokal lønspolitikk

Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.

Kontaktperson for stillingen

Trygve Valen

Plan og forvaltningssjef

97 97 87 17

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2dd4a7ab-e2a5-4c55-95d7-640147795f0a

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4555816

Lignende annonser