Laboratorie- og feltingeniør betong
Statens vegvesen
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Laboratorie- og feltingeniør betong
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 26. januar
Om stillinga
I laboratoria våre testar vi alt frå asfalt, betong og steinmateriale til geotekniske prøver. No ser vi etter deg som motiverast av praktisk arbeid og kvalitetskontroll av betong!
Her får du ein variert arbeidskvardag med prøvetaking og oppfølging av betongkvalitet – både ute i felt og inne på laboratoriet vårt. I tillegg får du moglegheit for fagleg utvikling i eit sterkt kompetansemiljø, som deler kunnskap og erfaring for å sikre kvalitet i alle ledd.
Statens vegvesen har eit viktig samfunnsoppdrag, og seksjonen vår bidreg til dette ved å støtte byggherre med kvalitetsoppfølging, styrkje fagleg utvikling samt forskings- og utviklingsarbeid for å forbetre norsk vegbygging, drift og vedlikehald.
Laboratorieseksjonen vår er landsdekkjande, med fem laboratorium. Per no består seksjonen vår av omtrent 40 medarbeidarar.
Kontorstad for denne stillinga vil vere ved laboratoriet vårt i Bergen.
Arbeidsoppgåver
Som laboratorie- og feltingeniør skal du planleggje, risikovurdere og kvalitetssikre eige arbeid i både felt og laboratorium. Hovudarbeidsoppgåvene dine vil vere oppfølging av betongarbeid ute i felt og utføring av rutineanalysar av betong i laboratoriet.
I tillegg vil registrering av data, tolking av resultat, vurdering opp mot gjeldande krav og rapportering til byggjeleiinga vere ein del av arbeidsoppgåvene. Du skal følgje rutinar for vedlikehald, kontroll og kalibrering av utstyr og maskiner, bidra til fagleg utvikling og opplæring av kollegaer, samt utføre generelle driftsoppgåver knytte til laboratorie- og feltverksemda. Det må òg påreknast bistand innan andre fagområde ved laboratoriet.
Arbeid i felt kan innebere arbeid på eller langs trafikkert veg, på byggeplassar og i tunnel. Stillinga inneber ein del reising og noko nattarbeid.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
- Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:- Minimum 3-årig utdanning frå høgskole eller universitet innan relevant fagretning, til dømes bygg og anlegg. Omfattande og relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Kunnskap om og praktisk erfaring frå betongfaget og konstruksjonar, med fokus på kvalitet.
- Førarkort kl. B. er eit krav. Førarkort kl. BE er ein fordel.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Vi legg vekt på motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Personlege eigenskapar:Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, kvalitetsmedviten, strukturert og nøyaktig, då vi er opptekne av fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet vårt. Vi legg òg vekt på at du har interesse for teknisk utstyr og vilje til å setje deg inn i ny teknologi, og at du kan nytte digitale system og dataverktøy til å utføre arbeidsoppgåvene dine. Sidan vi fungerer som internkonsulentar for byggherremiljøa i vegvesenet, er det i tillegg viktig at du er god på kommunikasjon og samarbeid, og har godt HMS-fokus.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktperson for stillingen
Iris Hackelberg
Kontorsjef
+47 97 79 94 23
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferje. Vi er ein digital, kompetent og profesjonell vegeigar som tek vare på og utviklar riksvegane.
Drift og vedlikehald har rundt 900 medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 17 milliardar kroner. Les meir om divisjon Drift og vedlikehald her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2dc34231-f8b7-4880-be7d-c67dd3958881
- Sist endret
6. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276097
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Nyborg
Betongarbeider
Arbeidsgiver
Asfalt & Maskin AS
Sted
Garnes
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Stavanger, Bodø, Lillehammer, Bergen, Trondheim, Tromsø