Vi styrkar laget
Nav økonomiteneste
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Nav økonomiteneste (ØT) utfører landsdekkande økonomitenester for Nav, med ansvar for både rekneskap, lønn, bestilling og faktura, utbetalingar frå Nav og intern brukarstøtte på området. Vi jobbar kvar dag for å utvikle økonomiområdet og tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til Nav. Vi er inne i ei spennande tid, med utvikling på fleire områder, samstundes som vi skal levere tenester med rett kvalitet kvar dag.
I denne stillinga vert du del av eit sterkt økonomifagleg miljø. For å trivast i jobben trur vi at du er ein utviklingsorientert lagspelar, som tek ansvar og deler av din kompetanse.
Arbeidsoppgaver
- Sakshandsaming og rådgjeving
- Analyse og rapportering
- Intern brukarstøtte
- Bidra til å modernisere og effektivisere arbeidsprosessar
Du vil få god opplæring og ein fadder som sikrar at du finn deg godt til rette i den nye jobben. Oppgåvene dine vil kunne endre seg ut frå dine interesser og vårt behov.
Kvalifikasjoner
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan økonomi, administrasjon, HR, juss. Relevant erfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet.
- God systemforståing og gode digitale ferdigheiter
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
- Kjennskap til lønns- og rekneskapsområdet og statleg regelverk på området
- Erfaring frå eller kunnskap om offentleg forvaltning
Du er velkomen til å søke både som nyutdanna eller om du har lang arbeidserfaring. Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Personlige egenskaper
- Du er sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Du viser arbeidsglede og deler av din kompetanse
- Du jobbar effektivt og er nøyaktig og strukturert
- Du er utviklingsorientert og tek ansvar
Vi tilbyr
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med spennande oppgåver.
- Gode personlege og karrieremessige utviklingsmoglegheiter.
- Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.
- Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida
- Lønn etter avtale, i stilling som rådgjevar.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
- Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka.
Kven er vi?
Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber blant anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav. Vi er 100 tilsette fordelt på fem seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
Kontaktinformasjon
Kari Hilde Skjæret, Seksjonssjef Lønn, 95982919, kari.hilde.skjeret@nav.noAndrea Tveit Paulsen, Nestleiar Fagstøtte, 97981548, andrea.tveit.paulsen@nav.no
Arbeidssted
Sognefjordvegen 566863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4978379014
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2db4e21f-b23e-4082-8e40-3c647cbc42d8
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9828e7cc66964032bc5f18088064c7de