Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage
Edne 19, 5215 Lysekloster, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent - Lysekloster barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. juni
Barnehagen har 5 avdelingar, der to avdelingar er for barn i alderen 1-3 år, og 3 avdelingar er for barn i alderen 3-6 år.
Viktige verdiar for oss er meistring, anerkjenning og tryggleik.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre.
Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø.
Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.
Arbeidsstad
Lysekloster barnehage. Barnehagen ligg på Edne, like ved idrettsbana og Lysekloster skule, og i kanten av eit stort og rikt naturområde.
Arbeidsoppgåver
• Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
• Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
• Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
• Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
• Bidra til eit godt foreldresamarbeid
* Bidra til eit godt språkleg miljø
Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg, men anna utdanning/erfaring kan kompensere for manglande fagbrev.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Ønska kvalifikasjonar
* Er engasjert, sjølvstendig og fleksibel
• Har godt overblikk og ser kva som trengs der og då.
• Trives i ein travel, men innhaldsrik barnehagekvardag.
• Har gode evner til samarbeid
• Har godt humør, positiv innstilling og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
* Er god på å skape relasjonar
* Er ein god språkmodell
* Er glad i å vera ute
• Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Aktive og varierte kvardagar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Kontaktperson
Liv Wallem, barnehagestyrar, tlf: 56 57 33 70, mobil: 90613587, livasp@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2da4c4fd-db94-4e32-a157-7bb1edae8175
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3516651_207809_nn