Hopp til innhold

Kokk med fagbrev - Vikariat

Arbeidsgiver

Drift- /teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Kokk med fagbrev søkes til vikariat
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 3. mars

Er du kokk og brenn for sunn og god mat?
Vi søker engasjert kokk med fagbrev til å skape gode matopplevingar for tilsette, pasientar og pårørande. Vikariatet er ledig frå 01.06. til 23.12.2026.

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.

Hospitaldrift Matforsyning har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.

Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for drift av 3 matutsal på sjukehuset og betener over 2.000 gjester dagleg. Til dette treng vi flinke og framoverlente medarbeidarar.

Ein av våre trofaste kokkar skal i permisjon til sommaren, og i samband med dette ser vi etter ein engasjert og dyktig kokk som ønsker å bidra i vårt dedikerte team ved Hospitaldrift Matforsyning- Kafé. Som kokk skal du vere med og utvikle utsalsstadene, og arbeidstida vil vere måndag til fredag på dagtid.

Det tas forbehold om at arbeidstid og arbeidsoppgåver kan bli endra.

Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste medarbeidarar som ønsker å bidra til et godt fellesskap. Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.  


Arbeidsoppgåver

  • Ta del i menyplanlegging
  • Bestilling og mottak av råvarer
  • Produksjon av varme og kalde rettar
  • Skape og gjennomføre aktivitetar i samarbeid med leverandørar
  • Sikre god eksponering av våre produkt
  • Legge opp varme rettar i serveringslinja
  • Kundebehandling
  • Skape matglede både overfor kollegaer og kundar
  • Anna førefallande arbeid som naturleg høyrer til på ein kafè
  • Sikre at eininga når verksemda sine strategiar og målsettingar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk 
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. Språkkunnskapar må kunne dokumenterast
  • Erfaring frå restaurantbransjen og/eller kantine
  • God kjennskap til data
  • God kjennskap til IK-mat og HMS
  • Løysingsorientert
  • Kjennskap til god økonomi innan kjøkkendrift

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • God orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team 
  • Strukturert og nøyaktig 
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Samarbeidsvillig
  • Utadvendt og serviceinnstilt
  • Evne til å sette seg inn i våre kundar sine ønsker og behov

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Utviklingsmoglegheiter

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

René Kaser, Seksjonsleiar, 55974905

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5074936540
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 23.12.2026
Søknadsfrist: 03.03.2026

Kontaktperson for stillingen

René Kaser

Seksjonsleiar

55974905

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2d975a15-4301-4aca-b534-3a4255bf752c

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ba316855301f4725989842ffa952e48b

Lignende annonser

Chef

Arbeidsgiver

Haukeland hotell

Sted

Bergen

Arbeidsgiver

Studentsamskipnaden på Vestlandet - Sammen

Sted

Bergen