Varhaug skule har ledig 100 % fast stilling som lærar på 1. - 2. trinn
Hå kommune Varhaug skule
Eikevegen 5,, 4360 Varhaug
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. juli
Frå hausten 2026 har Varhaug skule 420 elevar, fordelt på 1. - 7. trinn, og me treng ein lærar med god kompetanse i begynneropplæring. I tillegg har me ledig eit lærarvikariat i 50% stilling på 1. og 2. trinn med hovudvekt på norsk og matematikk.
Me er om lag 60 tilsette på skulen i eit triveleg arbeidsmiljø. Vår visjon er "Me løfter kvarandre". I det ligg blant anna at me gjer alt me kan for at skulen skal vera ein god arena for utvikling for kvar enkelt, både små og store. Meir informasjon om skulen på www.ha.no/var .
Vi søker deg som er:
- Ein tydeleg klasseleiar
- Ein autoritativ vaksen
- Engasjert og deltakande i elevane si faglege og sosiale utvikling
- Flink til å skapa gode relasjonar og tryggleik
- Kan arbeida sjølvstendig, og samtidig ha evne til samarbeid med andre
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2d8fee58-74e7-4846-9722-3a4ca423ccf5
- Sist endret
1. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3633177_194339_no