Assisterande seksjonsleiar Gynekologiske legar SNR
Gynekologisk poliklinikk SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 2, 6450 Hjelset
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar gynekologiske legar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Vi har no ledig stilling som assisterande seksjonsleiar for gynekologiske legar. Vi har mykje spennende på gong og treng ein dyktig assisterande som vil bli en viktig ressurs for utvikling av tjenesta i tett samarbeid med seksjonsleiar for gynekologiske legar og seksjonsleiar ved kirurgisk poliklinikk.
Fødeavdelinga har eit fødselstal på over 750 born årleg. Utover obstetrikk har vi også eit godt gynekologisk tilbod ved begge sjukehusa i Klinikk SNR. Det kirurgiske tilbodet vårt held eit høgt nivå, og vi utfører det meste av generell gynekologisk kirurgi - laparoskopisk, abdominalt og vaginalt. Vi samarbeider med Kristiansund sjukehus på ulike fagfelt innanfor gynekologi.
Vi søker ein assisterende som likar utfordringar, likar å jobbe i team og blir motivert av å få til optimalisering av drift og framgang saman med tilsette. Er du ein pådrivar, har sans for system og struktur, da er du den rette søkeren for oss.
Stillinga vil vere av administrativ karakter, men du må vere fleksibel for å kunne ta tilleggsoppgaver i poliklinikken ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Turnusplanlegging og optimalisering av drift
- Ressursstyring i samarbeid med seksjonsleiar
- Ulike administrative oppgåver delegert av seksjonsleiar
- Innleie av vikarar
- Operasjonsplanlegging (innsikt)
- Pre.operativ planlegging
Kvalifikasjonar
- Høgskule, men relevant utdanning vil også bli vektlagt.
- Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og muntleg.
- Erfaring fra å jobbe med system og arbeidsflyt.
Personlege eigenskapar
- Du liker å jobbe strukturert
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel
- Du er løysingsorientert og brenn for god pasient behandling
- Evne til å jobbe sjølvstendig og utføre varierte arbeidsoppgåver
- Å vere personleg eigna vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Hilde Kvalsnes Aas, Avdelingssjef, +47 99 03 41 34, hilde.kvalsnes.aas@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 26450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4934230755
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2892174
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fa6f626a9bfe4ccfb040a652bc8d6f25