Vi søkjer reinhaldsarbeidar
Husøkonomi enhet, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldsarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Avdeling for husøkonomi består av reinhald, sengesentral og tekstilforsyning. Avdelingen har 43 medarbeidere. Det er ein inkluderende gjeng frå 13 ulike nasjonalitetar.
Det blir reingjort ca. 87 000 m2 6 dager i veka. Stillinga inngår i ein 4 ukers turnus med arbeid dag, 1 veke kveld og kvar fjerde lørdag.
Arbeidsoppgåver
- Sykehusreinhald og påfyll av forbruksvarar
- Periodiske reinhaldsoppgåver og møbelrens
- Maskinreinhald og vedlikehald av maskinar
- Smittereinhald etter angitt prosedyre
- Utføre reinhald
- Bruk av digital renhaldsplan CleanPilot
- Andre arbeidsoppgåver som fell inn under avdeling for husøkonomi sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Teori fagbrev reinhaldsoperatør eller tilsvarande er ein fordel
- Lang erfaring frå reinhald på helseinstitusjon kan bli kompensert for utdanningskravet
- Kunnskap om smittereinhald vil bli vektlagd
- Erfaring med periodisk reinhald og vedlikehald av maskinar er ein fordel
- Søkjar bør kunne utføre reinhald etter avtalt kvalitet.
- Grunnleggjande datakompetanse– du må kunne halde deg oppdatert ved hjelp av Helse Fonnas intranett side og Teams. Arbeidsplan vil vere på nettbrett
- Det stillast krav om gode norskkunnskaper, både skriftleg og muntleg – minimum bestått norskkurs B1
- Arbeidsspråket er norsk. Søkjar må kunne kommunisera med brukarar og ansatte på sykehuset, samt kunne betjene vakttelefon. Den som blir ansatt må kunne lese og forstå teknisk informasjon, datablad og arbeidsprosedyrar
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- Positiv, åpen og sosial
- Fleksibel - avdelinga er i endring og det stillast krav til fleksibilitet. Du må kunne forhalde deg til endringar av postoppsett og endringar i arbeidsområde
- Samarbeidsvillig - du må kunne samarbeide med andre reinhalderar/kollegaer i avdelinga
- God arbeidskapasitet
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Opplæring etter gjeldande standard
- Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- God pensjonsordning, 2% pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Godt arbeidsmiljø i ein variert og travel arbeidskvardag
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ionela Asanache, Funksjonsleiar, +47 41863797Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4859289241
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 09.10.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2754195
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b2c805f72ed244548f6dec8f71d74dd7