Hopp til innhold

Kulturskulelærar i Visuell kunst – Vang, Vestre Slidre, Nord-Aurdal

Arbeidsgiver

Kultur, Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 16, 2966 Slidre, Nord-Aurdal, Vang

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Kulturskulelærar i Visuell kunst – Vang, Vestre Slidre, Nord-Aurdal
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 24. mai

Kulturskulane i Valdres samarbeider tett for å gje optimale tilhøve for lærarane. No treng kulturskulane i Vang, Vestre Slidre og Nord-Aurdal lærar til sine visuelle kunstfag. Vi lyser ut saman, men om nokon ønskjer å undervise i berre ein eller to skular, er det også mogleg.

Visuell kunst rommar ei rekkje teknikkar, metodar og uttrykksformer – frå teikning og måleri til tredimensjonalt arbeid, digitale uttrykk, installasjon, design, handverk, grafikk og eksperimentelle prosessar. Vi inviterer difor kunstnarar og pedagogar med ulik fagleg bakgrunn og praksis til å søkje, og oppmodar alle som arbeider med visuelle uttrykk – anten tradisjonelt, tverrfagleg eller nyskapande – til å sjå si kompetanse som aktuell. Undervisninga formar vi i samspel med elevgrupper og lokale føresetnader.

Vestre Slidre kulturskule (VSK) er ein kulturskule med høgt engasjement og stor oppslutnad blant innbyggjarane. Det tette samarbeidet med grunnskulen gjer at ein – i tillegg til det ein tradisjonelt ser føre seg med «kunstfag» — har tilgang til ei godt utstyrt avdeling for kunst og handverk med mellom anna keramikkomn, 3D‑printer, stor vinylkuttar og varmepresse.

Vang kulturskule (VAK) er også samlokalisert med kommunens eine grunnskule, og kan bruke rom og utstyr der. Den er særs godt utstyrt med mellom anna store velutstyrte avdelingar for tresløyd tekstil og keramikk.

Nord-Aurdal kulturskule (NAK) er den største kulturskulen i Valdres, med nye, moderne lokale sentralt plasserte i regionsenteret Fagernes. Kunstfaget i NAK er utstyrt etter meir tradisjonelle forventningar, men skulen er open for å prøve ut nye retningar i faget. Om læraren ønsker, kan det og være mogleg å tenkje seg eit samarbeid med Makerspace NAUS.

Undervisninga Nord-Aurdal er delt i 3 grupper, i utgangspunktet delt etter alder. I Vestre Slidre og Vang er det ei gruppe. Aldersspennet på elevane er frå 8–16 år. I Vang er det førebels berre elevar på frå småskulen.
 
Undervisninga går føre seg på ettermiddagstid. Det er viktig å leggje til rette for trivsel blant elevgruppa, samstundes som elevane føler på både meistring og fagleg utfordring.


Arbeidsoppgåver

 

Kulturskulelærar visuell kunst (VAK) 5,13–7,68 %
Kulturskulelærar visuell kunst (VSK) 7,68 % 
Kulturskulelærar visuell kunst (NAK) 19,24 %
  • Undervisning med tilhøyrande førebuing og oppfølging
  • Samarbeid på tvers av fag når det er tenleg
  • Utstillingar og liknande når det er tenleg

Kvalifikasjonar

  • Du må ha nødvendig kompetanse for arbeidsoppgåvene.
  • Høgare pedagogisk og/eller kunstfagleg utdanning er ein fordel.

God erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert i faget.
  • Du er ansvarsbevisst og samvitsfull.
  • Du brenn for å dele din kompetanse og blir glad når ungar veks gjennom gode opplevingar og meistring.
  • Du har evne til å vurdere og utvikle eigen pedagogisk praksis.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

  • Ein jobb der du betyr ein positiv forskjell for elevane
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Om du får ei stilling med undervisning i fleire kommunar, kan det vere aktuelt å vurdere kva kommune som skal gjere den endelege tilsetjinga.

Kontaktinformasjon

Gudbrand Silvet Heiene, Avdelingsleiar kultur, +47 41335496

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5123692473
Stillingsprosent: 34,6%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 24.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Gudbrand Silvet Heiene

Avdelingsleiar kultur

+47 41335496

Om bedriften

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2cfed227-a747-4eec-9f59-7cec666ae533

Sist endret

7. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

27eb3781bf574f7b9b7b795e6cf4f2ae

Lignende annonser

Laster lignende annonser