Hopp til innhold

Udlabu

Arbeidsgiver

Voss herad Udlabu

Sted

Hardangervegen 51, 5705 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Miljørettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Vil du bidra til meistring, ein god heim og ekte arbeidsglede? Då kan dette vera stillinga for deg!

Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsvariasjonar. Eininga har ca. 23 årsverk.

Hjå oss får du vera med å forma kvardagen til menneske som treng det, i ein god heim, fellesskap og gode opplevingar.

Me søkjer etter:
  • 100 % fast stilling som miljørettleiar frå 01.10.2026
  • Årsturnus med dag og ettermiddags vakter, mogleg nattevakter og langvakter om ynskjeleg. Arbeid kvar 3 eller 4.helg.
Arbeidsoppgåver:
  • Bistå tenestemottakar i dagliglivets gjeremål
  • Målretta miljøarbeid
  • Primærkontaktoppgåver og oppfylging av tiltaksplanar
  • Medikamenthandtering
  • Skapa tryggleik og struktur
  • Delta saman med tenestemottakar i dagleglivets oppgåver, fritidsaktiviteter og trening
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar:
  • Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning (Bachelor i helse/sosial, pedagogikk, idrett/fysisk aktivitet m.m)
  • Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
  • Er kreativ og likar å tenkje nytt
  • Har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad
  • Arbeider sjøvstendig og tek ansvar
  • Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • Er trygg, strukturert og målretta
  • Har vilje til fagleg utvikling og lære nye metodar
Me tilbyr:
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Rekrutteringstillegg for nytilsett vernepleiar kr 16 000,-
  • Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Line Førde

+47 46813906

Line.Forde@Voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2cede5c3-fe93-4492-9745-8bfc312b18f2

Sist endret

8. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3645461_213083_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser