Lærlingar Elektrikar
Ulstein Elektro Installasjon AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Lærlingar Elektrikar
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
2
Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeidar innan det maritime området. Vi designer, byggjer og leverer løysningar til skip. Vi likar å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som redusera miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.
Ulstein Elektro Installasjon AS har lang tradisjon for inntak av lærlingar, og ettersom vi har aukande aktivitet søkjer vi deg som er lærevillig og fagleg interessert i skipsbygging. Vi ser etter deg som kan vere med på å utvikle og skape resultat samstundes som du fullfører ditt læreløp.
Arbeidsoppgåver
Er du klar for å løyse framtidas utfordringar for den maritime industrien?
Ulstein Elektro Installasjon AS har ein velfungerande produksjon med høg kompetanse og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre prosjekt på ein god måte. Som lærling hjå oss vil du få ei spanande og utfordrande læretid. Du vil vere ein del av eit dyktig team, der du vil bli utfordra på å skape kreative og gode løysningar for å løyse noverande og framtidige prosjekt.
Vi søker etter interesserte og lærevillige kandidatar innan Elektrikarfaget.
Hjå oss vil du få fagopplæring etter læreplan, og vi vil fylgje opplæringa di fram til fullført læretid.
Kvalifikasjonar
- VG1
- VG2
Personlege eigenskapar
- Fagleg interessert
- Engasjert
- Pliktoppfyllande
- Kvalitetsbevisst
- God HMS-haldning
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Dyktige fagarbeidarar og rettleiarar som fylgjer deg i heile læretida, og sikrar deg variert praksis
- Eit godt og etablert læringsmiljø
- Fleksitidsordning
- Løn iht. tariff
- Moglegheiter for relevante kurs
Det er gode moglegheiter for vidare arbeid etter endt læretid.
Kontaktinformasjon
Hanne Notøy, Lærlingansvarleg, 97 55 88 16, hanne.notoy@ulstein.comDagbjørn Myklebust, Head of Administration, 90 54 54 68, dagbjorn.myklebust@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon ASReferansenr.: 4663963509
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 04.06.2023
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i avanserte spesialfartøy bygde ved Ulstein Verft. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som utviklar konkurransedyktige fartøy for oppdrag som offshore olje og gass, havvind, RoPax og ekspedisjonscruise.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2341423
- Hentet fra
talentech
- Referanse
adff7a1c024242fcbbf8e82826685db1