Avdelingsleiar Bremnes Ungdomsskule
Bømlo kommune
Idrettsvegen 91, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Bremnes Ungdomsskule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Antall stillinger
1
Bremnes Ungdomsskule har ledig vikariat som avdelingsleiar for skuleåret 23/24. Stillinga er ca. 70% administrativ og med 30% undervisning. Det er 3 avdelingsleiarar ved skulen som saman med rektor har det overordna pedagogiske ansvaret for læringsarbeidet. Avdelingsleiar er med og leier personalet slik at skulen og kommunen sine intensjonar blir oppfylte. Me søkjer difor etter deg som har eit sterkt engasjement for elevane og har visjonar for skulen si utvikling.
Bremnes Ungdomsskule har nær 400 elevar og 60 tilsette. Skulen var ny i mars 2018 og har Bømlo Symjehall og Bømlohallen som næraste nabo. Her ligg alt til rette for ein god arbeidsplass for både elevar og tilsette i eit topp moderne bygg. Skulen er organisert i team, med ein avdelingsleiar for kvart trinn som saman med rektor har ansvaret for eit godt læringsmiljø. Det er etablert gode fagmiljø som samarbeider om skulen sitt utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk utviklingsarbeid og oppfylging av læringsarbeid.
- Følgje opp elevsaker og sosialpedagogiske saker.
- Fellesadministrative oppgåver med vikaransvar.
- Personaladministrative oppgåver med personalansvar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse og undervisningserfaring, fortrinnsvis frå ungdomstrinnet.
- Erfaring med og evne til å leie endringsprosessar.
- God IKT-kompetanse og kunnskap om Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.
- Skuleleiarerfaring/leiarutdanning er ynskjeleg.
Personlege eigenskapar
- Du er god på kommunikasjon og samarbeid.
- Du er entusiastisk, kreativ og motiverande.
- Du skaper gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Som tilsett får du medlemskap i kommunal velferdsklubb.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
- Etter opplæringslova § 10-9 vert det stilt krav til godkjend politiattest før tiltreding i stillinga.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Christin Klubben.
Kontaktinformasjon
Christin Klubben, Rektor v/Bremnes Ungdomsskule, 957 74 456, Christin.Klubben@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Idrettsvegen 915430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4633288508
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 10.04.2023
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2278466
- Hentet fra
talentech
- Referanse
213a65b7b3b4433b9d814a7522cbceae