Ferievikar i teknisk drift
Herøy kommune, helse og omsorg
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar i teknisk drift
Oppstart
23. juni 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 28. april
Teknisk drift i helse og omsorg treng ferievikar frå 23.06.25 til 22.08.25. Du vil få ansvar for drift av tekniske tenester knytte til bygg i helse og omsorg. Om du har førarkort for minibuss og yrkessjåfør kompetanse er det ein stor fordel, då vi også har transport av brukarar på dagsenter.
Arbeidsoppgåver
- hente og bringe hjelpemiddel i private heimar
- generelle driftstekniske oppgåver
- transport av brukarar på dagsenter, dersom du har sertifikat til det
Kvalifikasjonar
- likar teknisk arbeid
- må vere over 18 år
- har førarkort klasse B (Det er ein stor fordel om du også har førarkort for minibuss og yrkessjåførkomeptanse.)
Personlege eigenskapar
- interesse for praktisk og fysisk arbeid
- løysingsorientert og lærevillig
- likar å arbeide i lag med andre og være til hjelp for brukarar og tilsette
- god på kommunikasjon
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- opplæring og rettleiing
Arbeidstida er måndag til fredag frå klokka 08.00-16.00.
Om du ikkje har høve til å arbeide heile perioden, er du likevel velkomen til å søke.
Kontaktperson for stillinga er fagleiar i teknisk drift Gunnar Roseth, telefon 416 44 191.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Inga-Lill Slenes Bjørnstad, Avdelingsleiar, +47 90825260
Arbeidsstad
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 4938414138
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 22.08.2025
Søknadsfrist: 28.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Inga-Lill Slenes Bjørnstad
Avdelingsleiar
+47 90825260
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2912747
- Hentet fra
talentech
- Referanse
23385ea4dc554d87921b4d9bf203a02d