Sommarjobb innen reinhald på Jørstadmoen
Forsvarsbygg
2625 Fåberg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb innan renhald på Jørstadmoen
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. april
Forsvarsbygg på Jørstadmoen søker 2 sommarvikarar innan reinhald i vekene 30 - 33.
Du må kunne jobbe heile denne perioden.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din, men ønsket er at du må kunne jobbe alle vekene frå 30-33. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Utføre regelmessig dagleg reinhald og periodisk reinhald, og dessutan nedvask
- Andre reingjeringsrelaterte oppgåver innan fagområdet
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har ein ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene. Vi skal levere gode reinhaldstenester, noko som stiller krav til at du er opptatt av å levere god kvalitet og samarbeider godt med andre. Dersom du også har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og serviceinnstilt, kan dette vere rett stilling for deg.Kvalifikasjonar
- Søkarar må vere over 16 år
- God orden og åtferd
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
- Du må kunne autoriserast før oppstart
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller renhaldsbetjent (kode 1138/1129), kr. 282 700,- - 404 900,- i brutto årleg lønn.Kontaktinformasjon
Line Søberg, Renholdsleiar, 488 91 993Arbeidssted
2625 Jørstadmoen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: ForsvarsbyggReferansenr.: 4938449720
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Line Søberg
Renholdsleiar
488 91 993
Om bedriften
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2889381
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f4162ee8dd7b4298a937cb5687b34d25