Hopp til innhold

Senior stikningsingeniør / mengdebereknar

Arbeidsgiver

Sartor & Drange AS

Sted

Idrettsvegen 156, 5343 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Senior stikningsingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk snarest mulig

For å styrke vår avdeling for stikning og landmåling søker vi:

Senior stikningsingeniør / mengdebereknar

Stillinga inngår i avdeling som pt utgjer 10 tilsette. I tillegg leiger vi inn ressursar i prosjekt ved behov. Vi har i seinare år investert mykje i både fysisk utstyr og programvare til mellom anna droneflyging, scanning, 3D modellering, prosjektering etc.

Hovudoppgåver vil normalt vere:

· Grunnlagsmåling og berekning

· Anleggsstikning for grunn- og betong

· Masseberekning, kontraktsavrekning og målebrev

· Kvalitetskontroll og dokumentasjon as-built/ FDV

· Deltaking i utføringsfasen som fagleg støtte for prosjekta.

· Måling med drone og laserscanning.

Vi kan tilby:

· Du vil inngå i eit sterkt og allsidig fagmiljø med brei kompetanse innan dei ulike spekter av landmåling.

· Utfordrande arbeidsoppgåver der du får vere involvert frå forarbeid, produksjon og til avslutning.

· Ein variert kvardag med ulike prosjektformer.

· Godt grunnlag for vidare fagleg utvikling

· Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.

Vår forventning er at du:

· Har relevant fagutdanning og erfaring frå fagområdet

· Erfaring med NS-3420 og SVV prosesskodar

· Beherskar og har interesse for relevante IT verktøy

· God skriftleg og munnleg framstillingsevne

· Beherskar norsk flytande både munnleg og skrftleg

· Er strukturert og løysingsorientert

Spørsmål om stillinga kan rettast til stikningsleiar Kay Lokøy 94 00 18 44 eller personalansvarlig Håvard Jonassen 970 32 620. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande.

Om bedriften

Sartor & Drange AS har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er Bergensregionen. Vi er ca 225 tilsette i selskapet og har ein årleg omsetning på ca 1 milliard. Selskapet inngår i Eleda Group som er eit nordisk entreprenørkonsern med totalt 3500 tilsette og ca 18 mrd i omsetning. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Kontorstad vert i moderne lokaler med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune eller på anleggskontor i Bergensregionen.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2c8a0dbb-7a1e-488d-b5a5-dc7992c86187

Sist endret

11. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

453614815

Lignende annonser

Laster lignende annonser