Psykolog/samtaleterapeut 50-100%, 1 års engasjement, moglegheit for forlenging
Rehabiliteringssenteret AiR AS / Vinje kommune
Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland, Norge
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog /samtaleterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Rehabiliteringssenteret AiR er landets leiande senter innan arbeidsretta rehabilitering (ARR), og ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeve av flotte fjell, fine vatn og venleg skogsterreng, som også nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. Fjellbygda Rauland er rik på natur og kultur og ligg sentralt plassert mellom aust og vest. Senteret har to klinikkar, ein i Rauland og ein poliklinikk i Oslo. Stillinga er ved klinikken i Rauland.
AiRs profesjon:AiR skal med tverrfagleg kompetanse bidra til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og betre jobbhelse gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.
- AiR-klinikk har fire team som består av psykolog, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
- Kvart team har ansvar for opptil 17 deltakarar.
- Opphaldet for kvar gruppe er døgnbasert.
Medverke til å styrke ressursar og moglegheiter for personar med samansette plager og nedsett arbeidsevne gjennom:
- Individuelle konsultasjonar og rettleiing
- Undervising av deltakarar i grupper
- Gjennomføring av kartleggings- og vurderingssamtaler
- Kontaktpersonansvar for deltakar med generell rettleiing
- Kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
- Tilvisingar ved behov
- Tverrfagleg sparring og samarbeid
- Profesjonsstudie i psykologi med norsk autorisasjon, eventuelt offentleg godkjent sjukepleiar med spesialutdanning i psykiatri
- Ynskeleg med kompetanse innan kognitiv terapi (CBT), MCT eller liknande terapimetodar
- Erfaring med individuelle samtaleforløp
- Engasjement i tverrfagleg samarbeid
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
- God skriftleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar
- Høve til fagleg utvikling internt og gjennom kurs, etterutdanning og spesialisering i arbeids- og organisasjonspsykologi og/eller innan samfunns- og allmennpsykologi
- Arbeidstid er dagtid på kvardagar
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe bustad
Me ser fram til å høyre frå deg.
Søknadsfrist 14. april 2024 For meir informasjon, kontakt:Klinikkleiar Guri Sogn-Larssen på tlf +47 414 33 433 / guri.sogn.larssen@air.no eller nestleiar klinikk, Siri Mørch, på tlf.+47 474 63 40 / siri.morch@air.no
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er landets leiande senter innan arbeidsretta rehabilitering (ARR), og ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeve av flotte fjell, fine vatn og venleg skogsterreng, som også nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. Fjellbygda Rauland er rik på natur og kultur og ligg sentralt plassert mellom aust og vest. Senteret har to klinikkar, ein i Rauland og ein poliklinikk i Oslo. Stillinga vil vera ved klinikken i Rauland.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2594627
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
2c80e247-ad19-4c01-822f-489528459f07