Lege i spesialisering - Radiologi
Radiologi Ålesund og Volda - legar, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering Radiologi
Antall stillinger
4
Radiologisk avdeling Ålesund søkjer lege i spesialisering.
Vi har fleire kollegaer som er i gruppe 1-tjeneste, og har derfor ledig 2 x100 % fast stilling og 3 x 100 % vikariat for lege i spesialisering innan radiologi.
Det er gode høve til forlenging av vikariat. Snarleg tilsetting er ønskeleg, evt oppstart etter nærare avtale med seksonsleiar. Intervju vil bli gjort fortløpande.
Radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus har 20 legestillingar, der 8 LIS og 12 er overlegar, og med eit stadig aukande behov for fleire radiologar. Avdelinga har ein god kombinasjon av nye og erfarne overlegar, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søker deg som liker faglege utfordringar, er lærevilleg og kan medverke positivt både fagleg og sosialt.
Ålesund sjukehus er det mest differensierte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim, med vaktfunksjon innan dei fleste spesialitetane. Kreftavdelinga er den eineste i fylket. Barneavdelinga er den største i fylket og har og eigen nyføddintensiv. Ålesund sjukehus har helikopterbase og AMK har lokaler inne i sjukehuset. Hos oss får du dekka store deler av både 3a og 3b læringsmål innanfor spesialiteten radiologi. Som LIS i radiologi ved Ålesund Sjukehus får du ei brei og solid fagleg base i spesialiseringsforløpet!
I tillegg til diagnostikk og intervensjonr på CT, MR, UL og konvensjonell røntgen har vi eige brystdiagnostisk senter der det er samarbeid mellom radiologi og kirurgi. Vi har ein topp moderne angio-/intervensjonslab der det blir utført både generelle og avanserte intervensjoner (inkludert EVAR). I tillegg har avdelinga to legar og ein fysikar som driv aktivt med forsking, og det er gode høve for å søke forskningsmidlar frå helseforetaket.
Ålesund og området rundt er eit eldorado av fjell og sjø og kan nyttast til fritidsaktivitetar, sommar som vinter.
Sjøen ligg nært og byr på fine opplevingar både sentralt, og i områda rundt Ålesund. Byen kan også by på kulturelle opplevingar, og dei siste åra har vi hatt mange konsertar med store, internasjonale artistar. Flyplassen ligg sentralt, ca 25 min fra sjukehuset, med flere daglege avgangr til ulike destinasjonar, både i inn- og utland. Sjå meir her
Arbeidsoppgåver
- LIS ved radiologisk avdeling i Ålesund går 8-delt vakt, tilstadetid 24/7. Overlege er bakvakt med heimevakt på natt og heimearbeidsstad tilgjengeleg ved behov. På dagtid roterar LIS mellom vakt, CT/MR, ultralyd, gjennomlysning og fordjupningsdagar i tråd med avtale.
- Det er avsett tid til internundervisning i samarbeid med radiologisk avdeling i Volda kvar veke.
- Fast vegleiar blir tildelt ved oppstart, og du får ein konkret opplæringsplan dei 2 første månedane før oppstart med sjølvstendige vakter.
- Avdelinga har avtale med St.Olavs hospital og Oslo Universitetssykehus for gupp.1-tjeneste. Det er også høve for å gjennomføre gruppe 1 ved andre universitetssjukehus.
Kvalifikasjonar
- Gyldig norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnustjeneste etter gammal ordning
- Tidligare tjeneste ved radiologisk avdeling vil bli vektlagt
- Gode norskkunnskaper, skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og lærevillig
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsevner
- Trives med teamarbeid
- Gode kommunikasjonsevner
- Personlig eignethet blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Sterkt tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar
- Fordjupningstid svarende til 4 timer per veke plassert i turnusen
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Tom Atle Solberg, Seksjonsleiar, 97165755, Tom.Atle.Solberg@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4734536544
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 31.01.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2490724
- Sist endret
1. februar 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
34703227c39042aca06c4b4dacb05769