Hopp til innhold

Ferievikarar på Kåsa bu- og avlasting 2026

Arbeidsgiver

Avdeling for habilitering, Nissedal kommune

Sted

Treungvegen 505, 3855 Treungen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sommervikarer
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, kveld, søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Sommaren kjem og me treng ferievikarar på Kåsa bu og avlastning, slik at dei faste tilsette kan ta ut ferien sin. Kåsa har seks bueiningar samt avlasting.

Me treng ferievikarar i vekene 25-32, dag, kveld og natt. 

Ynskjer du ein sommerjobb der du kan vere med å skape eit godt og meiningsfylt liv for andre? Vi treng deg på laget!Vi har bonus ordningar dersom du bind deg for 5,6 eller 7 veker.

Søknaden din må innehalde:

  • Kva for periode du kan jobbe
  • Om du har spesifikke ynskje i forhold til ferie/fri

Arbeidsoppgåver

  • Delta i brukaranes daglege gjeremål og aktivitetar
    • Alt frå praktiske gjeremål i bustaden til personleg hygiene. (Turtøy og badetøy er fint ha tilgjengeleg sånn at ein kan bruke nærområda om sommaren.)
  • Det vil vere stor variasjon i arbeidsdagane sidan brukarane våre har ulike behov
  • Bidra til et positivt arbeidsmiljø
  • Fylgje dagsplanar og rutiner
  • Rapportering

Kvalifikasjonar

  • Vi treng ulik kompetanse slik som:
    • 3-årig relevant høgskuleutdanning
    • verne-/sjukepleiestudentar
    • fagarbeidarar innan helse/barn/ungdom
    • assistentar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B, manuell

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert til å gjere en god innsats for brukarane våre
  • Du jobbar sjølstendig samtidig som du er god på samarbeid
  • Du bidrar til å gi gode tenestar til brukarane våre
  • Du har et engasjement og interesse for tenesteområdet og vil bidra til et godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Spennande stillingar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Nødvendig opplæring
  • Godt arbeidsmiljø
  • Bonusordningar dersom du bind deg for 5, 6 og 7 veker der arbeidsgivar har styringsrett.
    • 5 veker kr 7 500
    • 6 veke kr 10 000
    • 7 veker kr 15 000
  • Ekstra løn for studentar med relevant høgskuleutdanning
  • Vernepleiarar/sjukepleiarar får ein inngangsansiennitet på 10 år
  • Varierande arbeidsoppgåver
  • God pensjonsordning
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement

Kontaktinformasjon

Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18

Arbeidsstad

Treungvegen 505
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5065285818
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026

Om bedriften

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

 

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

 

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

 

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

 

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2c5bbb3b-b685-44bd-87a0-0db4f98921f7

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

38069c120f7b4f8ea7a3a6c8a5d82f0c

Lignende annonser

Laster lignende annonser